Hopp til innhold

Hjelpearbeidarar drepne i Aust-Kongo

Opprørarar har drepe ti menneske og såra tre andre i fleire åtak aust i Kongo denne veka, melder FN-styrken i landet.

DRCONGO-UNREST-RAPE-WOMEN-ARMY -

Fn sette i sommar opp tryggingsbasar etter gjentekne åtak på landsbybebuarar i den sør-austlege Kivu-provinsen. Denne veka vart ti menneske drepne av opprørsgrupper i området.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Sju, inkludert fem hjelpearbeidarar, vart drepne då gjerningsmennene gjekk til åtak på eit køyretøy som transporterte medlemmer av den lokale, frivillige organisasjonen Eben Ezer.

Dette er det dødelegaste åtaket mot hjelpearbeidarar nokosinne reigstrert i Kongo. Kollegaene til dei drepne er «svært sjokka», ifølgje FN-kontoret for koordinering av humanitære saker (OCHA).

Bandar, vald og uro

Same dagen og i same området vart ytterlegare tre sivilie drepne i eit åtak på ein motorsykkel.

Aust-Kongo er framleis plaga av valdeleg uro, åtte år etter krigen (1998-2003) som tok heile 5,4 millionar menneskeliv.

Ifølgje FN var det opprørarar frå Burundi og ein kongolesisk milits som stod bak åtaka mot reisande i Sud-Kivu-provinsen tysdag denne veka.

Ein talsmann for dei lokale styresmaktene, Selestin Kalume Mwanshima, hevdar at den kongolesiske opprørsbanden Mai Mai Yakatumba er ansvarlege for begge åtaka.

– Me har sete i gang prosessen med å sikra området. Kvar dag går Yakatumba og deira allierte, FNL og FDLR, til åtak på sivile køyretøy, båtar og heile landsbyar. Dette må ta slutt, seier Mwanshima til Reuters.

FN ber Kongo ta affære

FNL er eu burundisk opprørsgruppe som fekk skulda for å stå bak eit åtak på ein Bar i Burundi førre månad, der meir enn 30 menneske vart drepne.

FDLR er ein rwandisk bande som opererer i Kongo og som har utført ei rekkje overgrep mot sivilie, inkludert massevaldtekter.

FN har fredsbevarande styrkar i Kongo som saman med den kongolesiske hæren kjempar for å få bukt med opprørsgruppene. Organisasjonen ber innstendig kongolesiske styresmakter om å etterforska drapa og stilla dei skuldige for retten.

– Me fordømmer desse åtaka og alle andre handlingar som hindrar arbeidet til humanitære aktørar i Kongo, seier Pierrette Vu Thi, koordinatoren for humanitære saker i Kongo i ei kunngjering frå FN-kontoret.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt