NRK Meny
Normal

Hjelpearbeidar sett fri

Ein kvinneleg fransk hjelpearbeidar er sett fri av Taliban i Afghanistan i dag.

Video-grab av den kvinnelege franske gisselen Celine.
Foto: REUTERS TV / Reuters

Den franske kvinna vart teken til fange av Taliban-opprørarar for tre veker sidan saman med fire mannlege kollegaer. Desse er ikkje sette fri, og det blir sagt at fristen for desse er utsett.

Den frigjevne kvinna, som berre er identifisert som Celine, hadde med seg ein bodskap til franske styresmakter om at landet må stanse den militære hjelpa til afghanske styresmakter.

I nye kampar mellom afghanske politi- og regjeringsstyrkar med støtte frå NATO og Taliban er 23 opprørarar og to politifolk drepne, opplyser guvernøren i den austlege provinsen Khost.

NATO-talsmann Donald Korpi stadfestar at dei birdrog med luftstøtte i kampane etter oppmoding frå det lokale politiet.

I det sørlege Afghanistan vart to politimenn drepne i eit Taliban-angrep i Ab Band-distriktet.

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt