Satellittbilete av stormsenteret over Tikopia. (Arkivfoto)
Det var eit skip lasta med mat, vatn og medisinar som i dag kom fram til øybuarane på Tikopia, den største av dei syklonramma øyane.
Det er det første av tre skip med naudhjelp som skal sendast frå Honiara, hovudstaden på Salomon-øyane.
Alle de 3.000 innbyggjarane på Tikopia og Mota Lava overlevde herjingane etter syklonen Zoe, med vindar som blest raskare enn 300 kilometer i timen.
Folk redda livet ved å flykte opp i fjella og gøyme seg i holer.
Dei fekk nok åtvaringar om syklonen til at dei greidde å kome seg i skjul. Men lagera av mat blei øydelagde i uveret, og ferskvatnet blei forureina av saltvatn.
Holene innbyggjarane gøymde seg i, er brukte i mange hundre år som gøymestad under stormar og syklonar.
Salomon-øyane ligg i Stillehavet aust for Ny-Guinea, og 1.700 kilometer nordaust for Australia.