Nyheitsbyrået Ap tok på seg å sjekke ut nokre av dei mest oppsiktsvekkande påstandane som har skremt amerikanarane denne veka.
Det viser seg dei kan ta det med ro.
1. Innvandrar starta skogbrann og førti menneske omkom
Det var «Illegal Alien Crime Report» som kom med denne påstanden.
Og det stemmer at ein heimlaus person frå Mexico var arrestert på søndag i Sonoma, mistenkt for mordbrann.
Men ifølgje sheriffkontoret i Sonoma handla ikkje dette om skogbrannen som har drepe dusinvis av menneske, men ein mindre brann i ein park som raskt vart sløkt.
2. Bananar i Oklahoma testar positivt for HIV
Denne historia frå Healthy Living Base, skapte noko uro i Tulsa, Oklahoma.
Ifølgje Ap er dette ei gammal skrøne, som slær fast at ein 10 år gammal gut vart smitta med HIV av bananar kjøpt ved Walmart i Tulsa.
Spesielt raude flekkar i ein skrella banan, skal vere farleg, men da Ap konfronterte Walmart med påstanden i juni, forsikrar dei at dette ikkje er tilfelle.
Dei raude flekkane blir kalla «mokillo», og er ikkje farlege.
3. Paven tilgjev 2.000 pedofile prestar
Dette er ei historie frå mai, som no er resirkulert i YourNewsWire.
Påstanden er at 2.000 pedofile prestar ikkje vil bli straffa, og vil få tilgjeving av paven.
Pave Francis vedgjekk i mai at Vatikanet etterforskar 2.000 pedofilisaker, og at den katolske kyrkja vil hyre inn fleire folk for å handsame sakene.
Paven avviste samtidig at han vurderte å benåde prestane.
4. Guvernøren i Oregon gjev politiet lov til å konfiskere våpen
Mellom anna «State of the Nation» slo dette stort opp og kalla det storsamfunnets tyranni.
Dei ser svært mørkt på at politiet kan stele våpen frå frie menneske som ikkje har brote lova.
Ifølgje Ap så er det framleis lov å eige våpen i delstaten, men den nye lova, som kom i stand i august, seier at politiet eller familiemedlem kan be retten om å konfiskere våpena til menneske som er ein fare for seg sjølv eller andre.
5. Ein landsby i New Zealand tilbyr heim og arbeid verdt 1,5 millionar kroner
Nyheita har spreidd seg og blanda seg saman med fleire seriøse nyheitsformidlarar som The Daily Telegraph.
Og det stemmer at landsbyen Kaitanga treng arbeidskraft og har byrja ein kampanje for å lokke til seg arbeidsføre folk.
Men dei tilbyr ikkje pengar eller jobbar for å få folk til å flytte dit.
Nokre eigedomsmeklarar prøvde i fjor å selje eit hus på ein eigedom for rundt 1,5 millionar kroner i fjor. Dette har ført til eit rykte om at landsbyen er villige til å betale folk denne summen for å flytte dit.
Kommunestyret i Clutha, har desperat forsøkt å dementere denne verdsnyheita på sine heimesider, ifølgje Ap.