NRK Meny
Normal

Uvurderlege sportsbilar borte etter underjordisk ras

Åtte sjeldne bilar av typen Chevrolet Corvette forsvann i avgrunnen då store delar av golvet i Corvette-museet i Bowling Green i Kentucky kollapsa som følgje av eit underjordisk ras.

Golvkollaps på Corvette-museum i Kentucky.

Eit par av bilane nede i holet er synlege på dette biletet.

Foto: National Corvette Museum / Reuters

Seks av dei svært verdfulle bilane var gåver til museet frå privatpersonar, medan dei to andre var utlånte frå General Motors. Museet, National Corvette Museum , ligg berre eit steinkast frå fabrikken der den legendariske sportsbilen blir produsert.

Ingen vart skadd i ulukka, som skjedde grytidleg onsdag lokal tid. Holet i museumsgolvet har ei lengd på rundt 12 meter, medan djupna på jordraset ver åtte til ni meter.

Golvet gav etter på Corvette-museet i Bowling Green i Kentucky.

Dei tilsette som kom på jobb onsdag morgon fekk sjokk då dei såg kva som hadde skjedd.

Foto: National Corvette Museum / Reuters

Ikkje optimist

Museumsleiinga har ikkje særleg håp om at dei verdfulle bilane kan bergast, sjølv om omfanget av jordraset enno ikkje er heilt klarlagt.

– Dette ser ikkje bra ut. Det fall mange tårer i dag tidleg då dei tilsette kom på jobb og såg kva som hadde skjedd, seier direktøren for museet, Wendell Strode, til Los Angeles Times . I alt er det 80 ulike typar av Chevrolet Corvette på museet, og rundt 150.000 menneske vitjar anlegget kvart år.

Bilane som hamna i avgrunnen var ein svart Corvette 1962-modell, ein 1984 custom-modell som vart brukt i Indycar World Series, Corvette nummer ein million og nummer 1,5 millionar, ein 40 års jubileumsmodell og ein 2001 Mallett Hammer Z06 Corvette.

– Ei heilt spesiell historie

Museet har i dag prøvd å kome i kontakt med dei tidlegare eigarane som har donert bilane til museet.

– Alle desse bilane betydde noko spesielt for desse menneska. Kvar bil hadde ei heilt spesiell historie og ein spesiell stad i hjarta deira. Dette kjem dei til å ta tungt, seier Wendell Strode.

Dei to bilane som var donerte av General Motors, ein spesialmodell av 1993 ZR-1 Spyder, som aldri kom i produksjon, og den originale 2009 ZR1 Blue Devil. Begge bilane har truleg ein verdi på over ein million dollar, over seks millionar norske kroner.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt