Frankrike opplever nedbørsmangel, og er no inne i si tredje hetebølge denne sommaren. Det tørre og varme vêret har skapt problem for bøndene, men også for økosystem og biologisk mangfald, melder det franske meteorologiske instituttet Météo-France, ifølge AFP.
Tørken skal vere den verste nokosinne i Frankrike, og nesten alle fylka har no restriksjonar på bruk av vatn. Fredag sette den franske regjeringa også inn eit kriseteam som skal koordinere innsatsen.
– Dette er den verste tørken vi har registrert i dette landet. Dette kan til å halde fram i to veker til, og kanskje også bli verre, sa Statsministerens kontor i ei fråsegn fredag.
Franske styresmakter har fått kritikk for å gi golfanlegg dispensasjons frå vatningsforbodet som er innført i store delar av Frankrike.
Foto: ALAIN JOCARD / AFPGule blad
Søndag er det venta temperaturar godt over 30 grader fleire stader i Frankrike. Og slik vil det halde seg nokre dagar framover, ifølge dei franske meteorologane.
– Maksimumstemperaturane kjem truleg til å halde seg mellom 32 og 36 grader i fleire dagar framover i store delar av landet, seier Météo-France.
I fleire franske parkar er det allereie hauststemning. Biletet er teke 6. august i Parc de Saint Cloud i Paris.
Foto: JULIEN DE ROSA / AFPI Sør-Frankrike er det no tørre kranar, og regjeringa jobbar no med å få køyrd ut drikkevatn til dei hardast ramma områda.
Den ekstreme tørken har ført til at innsjøar og vassdrag har svært låge nivå. Fleire parkar har allereie fått haustfargar fordi blada på tre og busker har begynt å gulne og falle av.
Risavlingar i fare
Fleire andre europeiske land har også ekstrem varme, tørke og vassrestriksjonar.
I Italia er produksjonen vin og olivenolje truga. Bønder i Po-dalen seier avlingar med risotto-ris kan vere øydelagt for fleire år framover på grunn av auka saltinnhald i jorda, som drep plantane, melder Euronews.
Tørke og auka saltinnhald i jorda trugar den risavlinga i Po-dalen i Italia.
Foto: Luca Bruno / APNederland er ein stor eksportør av landbruksvarer. Men vassmangel har gjort at det er innført vatningsforbod for bønder i fleire regionar.
Faren for ein dårleg haust i landbruket, uroar også EU.
Denne veka gjekk EU-kommisjonen ut og oppmoda medlemmane til å tenke nytt, og bli betre til å forvalte vassressursane sine. Blant tiltaka dei foreslår er å bruke reinsa avløpsvatn frå byane til vatning i landbruket.