Hopp til innhold

Diana Nyad nådde endeleg målet sitt - sumde frå Kuba til USA

64 år gamle Diana Nyad krabba like etter klokka 20 norsk tid i land i Key West i Florida. Ho er den første som har symt frå Cuba til USA utan haibur.

Diana Nyad har nådd målet sitt i Key West.

Diana Nyad på veg mot tørt land i Key West i Florida, etter 53 timar i sjøen.

Foto: Andrew Innerarity / Reuters

Dette var Diana Nyad sitt femte forsøk på å greie den 177 kilometer lange turen. Ho starta frå den kubanske hovudstaden Havana sist laurdag, og i kveld norsk tid nådde ho altså i Key West. Ho brukte 53 timar på turen.

Diana Nyad blir teken mot på stranda i Key West.

Diana Nyad var totalt utsliten då ho nådde land i kveld norsk tid.

Foto: Andrew Innerarity / Reuters

Ho vart møtt av jublande menneske då ho kom i land, og det var stort oppbod av familie, vener, tilhengjarar, fotografar og journalistar.

– Eg har ein bodskap i tre punkt. Ein er at vi aldri skal gi opp. To er at vi aldri blir for gamle til å jakte på draumane våre. Tre er at dette ser ut til å vere ein soloprestasjon, men det er faktisk eit lagarbeid, sa ho til dei frammøtte på stranda, før ho vart lagd på ei båre og teken bort til medisinsk undersøking.

Utsliten og solbrend

Alle som tidlegare har symt denne ruta, i eit farvatn med både sterk sol, brennmanetar og hai, har brukt å ha eit bur til vern mot haiangrep.

Med ein gong ho kom på land vart ho lagd på ei båre, der ho fekk medisinsk hjelp. Seinare vart ho teken til eit sjukehus i området for ein grundig sjekk.

Diana Nyad peikar på leppene sine etter den lange symjeturen.

Diana Nyad peikar på leppene sine, som har fått hard medfart under den lange symjeturen.

Foto: Andrew Innerarity / Reuters

– Dette har eg drøymt om heile livet, og eg er veldig glad for å ha kome fram, sa den 64 år gamle langdistansesymjaren under ein kort pause ved følgjebåten nokre kilometer før ho nådde land. Ho snakka utydeleg, blir det opplyst.

Dramatisk symjetur

Turen vart meir dramatisk enn ho hadde rekna med. Ho har symt gjennom storm, vanskelege straumar og klasar med brennmanetar. Ho hadde på seg ei silikonmaske for å verne seg nettopp mot brennmanetar, men denne gjorde at ho fekk sår inne i munnen.

Diana Nyad før ho la ut frå Havana.

Diana Nyad før ho la ut på symjeturen frå Havana på Cuba sist laurdag.

Foto: YAMIL LAGE / Afp

Legane som var med i følgjebåten seier at dette var årsaka til at ho snakka utydeleg.

Diana Nyad har prøvd å krysse strekninga Havana-Key West tre gonger i 2011 og 2012, og før det i 1978. No har ho endeleg nådd målet sitt.

Sumde rundt Manhattan

Ho har vore langdistansesymjar i over 40 år. Ho vart først kjend i 1975 då ho sumde dei 45 kilometrane rundt Manhattan i New York på litt under åtte timar. I 1979 sumde ho den 164 kilometer lange strekninga frå Bahamas til Juno Beach i Florida på 27,5 timar.

Juan Manuel Diaz Esrich, som har kjent Diana Nyad i mange år, seier dette:

– Meir enn den sportslege prestasjonen, er ynsket hennar å sende ein bodskap om fred og venskap mellom det kubanske- og det amerikanske folk.

Han legg til at ho også er utstyrt med ein enorm energi, ho er sterk fysisk og psykisk, og har ein vilje av stål.

Diana Nyad nesten framme på Key West.

Dette biletet av Diana Nyad vart teke ved følgjebåten hennar eit par timar før ho nådde land i Key West.

Foto: Andy Newman / Ap
Diana Nyad legg ut frå Havana på Cuba.

Diana Nyad la ut frå Havana på Cuba sist laurdag. Ho kom i land i Key West i Florida i kveld norsk tid.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

LES OGSÅ: Skal sette ny verdensrekord i svømming - i farvann fullt av hai og uten haibur

LES OGSÅ: Brennmaneter, haier og storm ødela Dianas (62) rekordforsøk

LES OGSÅ: Cuba-svømmer avbryter rekordforsøk

SISTE NYTT

Siste nytt