Hopp til innhold

Historisk rettsak mot gravplyndrar i Timbuktu

For første gong i historia vert ein mann stilt for retten, skulda for krigsbrotsverk, etter å ha øydelagd fleire kulturminneskattar i Timbuktu under borgarkrigen i Nord-Mali i 2012.

Ødelagt mausoleum i Timbuktu

Ein av fleire øydelagde bygningar i Timbuktu. No skal den hovudansvarlege bak destruksjonen av mausolea i Timbuktu stillast til retten for straffedomstolen i Haag.

Foto: STR / Afp

Ahmad al Faqi al Mahdi, også kjent som Abu Tourab, er ein islamist som er skulda for å ha øydelagd ni mausoleum (gravkammer) og ein moské i historiske byen Timbuktu i Nord-Mali.

Sandstorm i Timbuktu

Eit vanleg syn i Timbuktu. Når det bles opp til storm, så kjem sandskya innover byen. No er freden tilbake, men soldatane dominerer framleis gatebiletet.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

Han er no komen til Haag, etter å ha blitt utlevert av Niger. I Haag skal han gjennom ein rettssak i Den internasjonale straffedomstolen, kor utfallet kan bli at han vert dømd for krigsbrotsverk fordi han har øydelagd dei historiske bygningane.

Var islamsk senter i fleire hundreår

Timbuktu vart okkupert av islamistiske grupper, etter at opprørarar frå folkegruppa tuaregane hadde drive maliske styresmakter og militære ut av byen. Sharialova vart innført i byen, som gjekk frå å vere ein roleg by i Sahel, til å bli eit av fleire senter for islamisme.

Ødelagte manuskripter i Timbuktu

Også mange manuskript vart øydelagde då islamistane raserte kulturminnearva i Timbuktu i 2012.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Ved hjelp av styrker frå Frankrike og Den afrikanske union klarte Mali til slutt å vinne tilbake att kontrollen over Nord-Mali og Timbuktu, men det var for seint for å redde kulturminna i byen.

Den historiske byen Timbuktu er rekna for å ha vore eit islamsk senter i Afrika over fleire hundreår, frå 1200-talet til 1600-talet. Byen skal også har vore eit utdanningssenter for den muslimske verda, med over 200 skular og universitet.

Bygd opp att noko

I dag er Timbuktu ein liten by i utkanten av Sahara, med knappe 55.000 innbyggjarar. Men fram til borgarkrigen i 2012 stod det likevel igjen fleire bygg frå 1300-talet, og byen er på Unescos verdsarvliste.

Nybygd mausoleum i Timbuktu

Fleire av bygningane som vart øydelagde er no bygde opp att, ved hjelp av lokalt byggmateriale og lokale handverksteknikkar.

Foto: Baba Ahmed / Ap

Men islamistane som okkuperte byen såg på bygga som u-islamsk, og meinte dei bidrog til avgudsdyrking. Difor raserte dei fleire av bygningane, og dei brann også opp titusenvis av eldgamle skrifter.

Tidlegare i år vart 14 mausoleum bygde opp att på tradisjonelt vis, slik at bygga liknar mest mogleg på slik dei var før islamistane kom til byen.

Det er førebels ikkje kjent når rettssaka mot al Mahdi skal starte.

SISTE NYTT

Siste nytt