Hopp til innhold

Historisk nedtur for Toyota

For fyrste gong i historia ventar bilprodusenten Toyota raude tal i driftsresultatet.

Toyota
Foto: KAZUHIRO NOGI / AFP

- Selskapet står overfor ei krise vi tidlegare aldri har opplevd, der vi ikkje kan unngå å notere oss for eit driftsunderskot i inneverande periode, forklarte konsernsjef Katsuaki Watanabe i Toyota på ein pressekonferanse i dag.

Ifølgje tala som vart lagt fram på pressekonferansen kjem driftsresultatet i Toyota til å ende med rundt 11,7 milliardar kroner i minus ved slutten av budsjettåret. Det er fyrste år med driftsunderskot sidan Toyota starta verksemda i 1941.

Merkjer nedgangen i USA

Totalt reknar Toyota likevel med å ha eit samla overskot, men prognosane for overskotet er redusert frå 550 til 50 milliardar yen. Førre budsjettår var overskotet på heile 1700 milliardar yen.

Toyota har i lang tid kniva med amerikanske GM om å vere verdas største bilprodusent. Med moderne, bensingjerrige modellar som Camry og hybridbilen Prius har selskapet lege i tet i den amerikanske marknaden.

No merkjer også Toyota den kraftige nedgangen i den amerikanske marknaden. I 2008 har bilsalet for den japanske kjempa gått ned 4 prosent.

Les også: General Motors vurderer konkurs

- Tidlegare har dei raskt voksande u-landa vore med å utlikne fallet i dei vestlege marknadene, men no er det nedgang også her, seier konsernsjef Watanabe i Toyota.

Slit med sterkare yen

Ein alt sterkare yen er også med å gje Toyota problem.

Nedturen fører også til at ein planlagt bilfabrikk i Mississippi i USA vert lagt på is. Det same skjer med Toyota si planlagde utviding av produksjonen i India.

Også Honda, som er det nest største bilkonsernet i Japan, har varsla kraftig nedgang i salet dette budsjettåret.

Les også: 0,1 prosent rente i Japan

SISTE NYTT

Siste nytt