Hopp til innhold

Historisk framgang for opposisjonen i valet i Singapore

Regjeringa fekk ein stor siger, men opposisjonen gjorde sitt beste val.

General election in Singapore

SINGAPORE: Opposisjonspartiet Worker's Party gjorde sitt beste val nokon gong. Regjeringspartiet PAP tok likevel 89 prosent av seta i parlamentet.

Foto: Edgar Su / Reuters

Befolkninga i Singapore gjekk til urnene fredag. Regjeringspartiet People's Action Party (PAP) gjorde endå ein gong eit knusande val. Dei sikra seg 89 prosent av seta i parlamentet, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Partiet har hatt makta sidan 1965.

Opposisjonspartiet Worker's Party (WP) hadde likevel ein historisk framgang. Valoppgjeret gav partiet 10 sete av 93 totalt. Det er ein auke på fire frå førre val og den største sigeren for partiet nokon gong, skriv AP.

Regjeringspartiet hadde òg eit tilbakefall i røystalet, med eit resultat på 61 prosent. I 2015 fekk partiet nesten 70 prosent av røysene.

Form for folkeavrøysting

Valet har vorte sett på som ei form for folkeavrøysting om regjeringa si handtering av koronasituasjonen, skriv BBC. Det er registrert meir enn 45.000 smittetilfelle i bystaten.

Landet er eit av svært få i verda som har gjennomført eit val under ein pandemi.

Lee Hsien Loong

SIGER: Singapore si statsminister, Lee Hsien Loong sikra seg ein ny periode etter valet fredag. Han har sete sidan 2004.

Foto: Edgar Su / Reuters

Har fått kritikk

Singapore er per definisjon eit demokratisk land. Presidenten blir vald ved direkte val for seks år. Den reelle utøvande makt ligg hos regjeringa og statsministeren.

Sidan Singapore blei ein uavhengig republikk, har berre tre personar hatt statsministerembetet.

Singapore har raskt blitt eit av verdas rikaste og mest moderne land. Regjeringa har likevel fått kritikk for sensur av media og undertrykking av opposisjonen og kritiske røyster, skriv AP.

Sjølv om 40 parti silte til val, var WP det einaste opposisjonspartiet som sikra seg sete.

Den noverande statsministeren, Lee Hsien Loong, har sete sidan 2004. Han er son av den første statsministeren i landet, Lee Kuan Yew, som hadde makta i 31 år.

SISTE NYTT

Siste nytt