Hopp til innhold

Hillary Clinton frå «blakk» til «velsigna»

Det vekte sterke reaksjonar at Hillary Clinton i går sa at ho og ektemannen Bill var fullstendig blakke då dei kom til Det kvite hus og like blakke då dei reiste derfrå åtte år seinare.

Dagsrevyen-innslag om boken til Hillary Clinton.

VIDEO: Hillary Clinton med ny bok.

Det var under lanseringa av boka om livet sitt, «Vanskelege val» («Hard Choices») at Hillary Clinton, USAs førstedame frå 1993 til 2001, fortalde at ho og mannen Bill ikkje hadde det så lett økonomisk. Ho sa blant anna at dei hadde vanskar med å skaffe seg hus og å betale for utdanninga til dottera Chelsea.

– Manglande respekt

Den moglege presidentkandidaten i 2016 fekk sterk kritikk for dette. Kritikarane meinte det var manglande respekt for vanlege folk og for dei verkeleg fattige å bruke slike uttrykk om eit tidlegare presidentpar.

I dag prøvde Hillary Clinton å gå litt tilbake på det ho sa.

– Lat meg få klargjere at eg fullt ut forstår kor vanskeleg livet er for mange amerikanarar i dag. Bill og eg var velsigna. Vi arbeidde hardt for alt vi har oppnådd i liva våre og vi har halde fram med å arbeide hardt. Vi har vore velsigna dei siste 14 åra, sa Hillary Clinton i Robin Roberts i TV-programmet «Good Morning America» på CBS.

– Eg bryr meg

Ho sa også at ho og den tidlegare presidenten hadde rundt 12 millionar dollar (72 millionar kroner) i gjeld.

– Vi har hatt eit liv som er dramatisk ulikt det andre amerikanarar opplever, men vi har også gått gjennom mange av dei same utfordringane som mange andre har. Eg bryr meg mykje om menneske eg personleg kjenner og andre i dette landet som ikkje har hatt dei same moglegheitene som vi har hatt, sa ho blant anna i intervjuet.

LES OGSÅ: Lewinsky versus Hillary

SISTE NYTT

Siste nytt