Hopp til innhold

Åtvarar mot ekstrem og livsfarleg hete i Storbritannia

England varslar ekstrem varme, Spania er inne i den lengste hetebølgja sidan 1975, og ein skogbrann herjar i Portugal.

Kvinner bruker solkrem i varmt vær på Kent County Show i Maidstone, Storbritannia, 8. juli 2022

VARMT: To kvinner smørjar seg med solkrem i det varme vêret på Kent County Show i Maidstone England.

Foto: KEVIN COOMBS / Reuters

Hetebølgja i Europa byrjar å spreie seg, og spesielt til Storbritannia som ikkje er kjent for høge temperaturar.

Der åtvarar britiske meteorologar mot ekstrem og livsfarleg hete, skriv Met Office.

Neste veke kan gradestokken kome over 40 grader for første gong i britisk historie.

Men det betyr ikkje at det er kaldt der no. Om natta går ikkje gradestokken under 20 grader i store delar av landet, og neste måndag er det venta rundt 33 grader.

Sky News skriv at den høgaste temperaturen som hittil er registrert i Storbritannia, var 38,7 grader i Cambridge i 2019.

Met Office sender ut gult varsel om dei høge temperaturane frå kommande søndag og vidare utover.

Skjermdump frå britiske Met Office om varsel om ekstrem varme 11. juli 2022.

Skjermdump frå Twitter-kontoen til britiske Met Office som varslar om ekstrem varme den 11. juli 2022.

Foto: Skjermdump

Gult varsel kan bety fare for straumbrot, trafikkproblem og risiko for liv og eigedom.

Eksepsjonell hetebølgje

I sør og søraust i Spania er det meldt over 40 varmegrader i tida framover.

Talspersonen for det spanske meteorologiske instituttet AEMET Ruben del Campo seier til AFP at hetebølgja kjem til å bli eksepsjonell.

– Den er venta å vare i ni eller ti dagar. Då vil den bli ein av dei tre lengste varmebølgjene sidan 1975, seier del Campo.

Turistar kjølar seg ned etter ein dag med 42 grader i Seville Spania.

Turistar kjølar seg ned etter ein dag med 42 grader i Seville Spania.

Foto: JON NAZCA / Reuters

Vasstanden i vassreservata i Spania er på 45 prosent av kapasiteten, medan den vanlegvis er på 65 prosent på denne tida av året, skriv AFP.

Over 40 varmegrader er det også meldt i delar av Italia, Tyskland og Frankrike, skriv The Guardian.

Hetebølgjer har vorte stadig vanlegare på grunn av klimaendringane. Ifølgje forskarar er dei òg venta å bli meir intense.

Hetebølgje i Ronda Spania, og hunder kjøler seg ned i basseng.

Hetebølgja i Ronda i Spania førar til at dei lokale hundane tar seg eit bad.

Foto: JON NAZCA / Reuters

– Vi står i ein eineståande situasjon

I nabolandet Portugal kjempar fleire tusen brannmenn mot flammane, skriv den britiske avisa The Independent.

På laurdag skal det ha vore 125 skogbrannar på same tid i landet. Det er det høgaste talet i år, skriv avisa.

– Vi står i ein eineståande situasjon, meteorologisk sett, seier Andre Fernandes sjefen for sivilforsvaret i Portugal.

En silhuett av en brannmann som står i skogen er avbildet under en skogbrann ved Casais do Vento i Alvaiazere 10. juli 2022.

Ein silhuett av ein brannmann står i skogbrannen i Casais do Vento i Alvaiazere. Han er ein av 1.500 brannmenn som jobbar med å sløkke tre brannar i sentral og Nord-Portugal.

Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP

Ifølgje The Independent aktiverte EU på søndag sitt bistandsprogram for brannsløkking. Den lar medlemsland dele ressursar for å hjelpe Portugal.

På same tid er temperaturen i delar av landet oppe i 44 grader, skriv AFP.

The Guardian skreiv tidlegare i juni at Spania og Portugal står i det tørraste klimaet på 1.200 år, viser studie. Dette får store konsekvensar for matproduksjonen og turismen.

SISTE NYTT

Siste nytt