Hopp til innhold

Her tør ingen å stemme

Italienarane går til stemmeurnene denne helga i anledning lokal- og regionalval, men ikkje dei 3500 innbyggarane i landsbyen Platí sør i Calabria-regionen, der mafiaen styrer.

Platí i Calabria

PARTILAUST: Platí er det ingen stemmer å kjøpe. Politiske parti finst ikkje i landsbyen, og det er ingen kandidatar til vervet som borgarmeister.

Foto: MARIO LAPORTA / Afp

Her herskar 'Ndrangheta-mafiaen, og deira grep om byen hindrar innbyggarane i å ta seg til byens rådhus, eit bygg som skil seg ut med litt farge i ein elles grå og sliten by, prega av vegarbeid, skadde bygningar og søppel.

Rådhuset i Platí, Calabria

SKIL SEG UT: Eit fargerikt rådhus i ein elles lite fargerik by. Platí, Calabria.

Foto: MARIO LAPORTA / Afp

Framfor bygningen står eit minnesmerke over byens tidlegare borgermester Domenico Dimao som vitnar om tilstandane som herskar her – «offer av sin funksjon, avretta på barbarisk vis i hendene på kriminelle». Han vart drepen 27. mars 1985, etter ei konflikt med den lokale mafiaen.

Manglar borgarmeister

Sidan 2012 har byen mangla borgarmeistar, og har vorte administrert av Luca Rotondi, utpeikt av regionen. Han deler tida si mellom Platì og Bagnara, den litt større nabobyen, der bystyret vart oppløyst i april grunna infiltrasjon frå mafiaen.

– Folk kjem og fortel at dei ikkje har vatn, men kva skal eg gjere? Kor finn eg pengane? seier han til nyhendebyrået AFP.

Det er ikkje berre her mafiaen påverkar søndagens val. Dei italienske parlamentet har lansert ei liste med 17 namn på kandidatar dei ikkje anbefaler folk å stemme på om dei vil ha politikarar med reint mel i posen, dei såkalla "urepresenterbare". I 2012 skal politikarar på Sicilia ha kjøpt stemmer med pasta i fattige område av Palermo

Men i Platí er det ingen stemmer å kjøpe. Politiske parti finst ikkje i landsbyen, og det er ingen kandidatar til vervet som borgarmeister.

Heller ingen kandidat

Domenico Nasone, frå den regionale anti-mafia organisasjonen Libera, er ikkje overraska over mangelen på kandidatar til søndagens val.

– Potensielle kandidatar seier 'Kvifor skal eg risikere livet mitt, kvifor skal eg prøve å spele helt?' Dei fleste her er ærlege menneske, men i Calabria er ikkje det å vere ærleg nok, seier han til AFP.

Ein av to i landsbyen er utan arbeid. Her er få offentlege institusjonar. Loven som gjeld er den som vert diktert av Barbaro- eller Trimbolifamilien, underlangt 'Ndrangheta. Dei kidnappar folk for løysepengar og kontrollerer kokainhandelen i Europa.

– Unge har berre ein ting å gjere; kom deg vekk, enten nordover eller til utlandet, seier innehavaren av landsbybaren.

Politikarane frå sentralt og regionalt hald vert kritiserte for å oversjå Platí, og representantar frå regjeringspartiet Partito Democratico har no lova at dei skal besøke byen tysdag 2. juni, sjølvaste nasjonaldagen.

Det hjelp ikkje innbyggarane på søndag, og statsminister Matteo Renzi må sjå bort frå sårt etterlengta stemmer.

SISTE NYTT

Siste nytt