Hopp til innhold

Her tek det fyr i 18 tonn fyrverkeri

Ein lastebil lasta med rundt 18 tonn fyrverkeri var blant dei 170 køyretøya innblanda i ein kjedekollisjon i den amerikanske delstaten Michigan fredag.

Folk måtte evakuerast etter at 170 bilar var involverte i ein kraftig kjedekollisjon i Michigan, USA, fredag. Ein lastebil fullasta med fyrverkeri var nemleg blant køyretøya som vart råka i ulukka.

Her tek det fyr i lastebilen fullasta med fyrverkeri etter ein kjempestor kjedekollisjon i Michigan, USA.

Vinterglatte vegar fekk fredag 170 køyretøy til å smella i kvarandre nær den vesle byen Galesburg i Michigan.

Ein lastebil fullasta med fyrverkeri var involvert i ulukka. Politiet valde difor å evakuera i ein radius på nesten tre kilometer frå den faretrugande lastebilen.

Det gjorde politiet lurt i. TV-bilete frå Fox News viser eit inferno av flammar, fargar, brak og røyk idet fyrverkeriet tek fyr.

Minst ein person omkom i kjedekollisjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt