Hopp til innhold

Her kan Obamas gjenval bli avgjort

Høgsterett i USA kan i dag avgjere to saker. Kva slags helsetilbod landets 310.000.000 innbyggjarar får i framtida - og president Barack Obamas gjenval.

Høyesterett i USA

Media i USA har startet overvåkinga av høgstrettsbygninga i USA, der kjennelsen om helsereformen kjem torsdag.

Foto: JIM WATSON / Afp

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Torsdag ettermiddag norsk tid offentleggjer høgsterett i USA om helsereforma til president Barack Obama er i strid med grunnlova eller ikkje.

Kva retning høgsterett vil gå, er det ingen andre enn dei ni dommarane og dei næraste klerkane deira som veit.

Domstolen i Washington DC er kjent for evna si til å halde tett. Ikkje ein gong Obama skal vite noko før kjennelsen blir lesen.

Det er venta at det er leiaren i domstolen, justitiarius John Roberts, som kjem til å presentere dommen. Det vil understreke at dette er ei av dei viktigaste avgjerdene som er tatt i høgsterett i nyare tid.

Usikkert utfall

Om det også seier noe om kva veg det ber, er meir usikkert.

Rett nok er eit knapt fleirtal av dommarane utnemnde av republikanske presidentar og Roberts ein av dei George W. Bush fekk plassert, men Roberts skal samtidig vere lite glad i denne tendensen med at retten deler seg etter partilinjene.

Så seint som sist mandag røysta han saman med dei meir liberale dommarane i ein sentral dom over dei strenge innvandringslovene i delstaten Arizona.

Og det retten skal ta stilling til, let unekteleg grunnleggjande: Kan styresmaktene påby amerikanarane å kjøpe ei vare eller ei teneste? Er ikkje det å gripe inn i fridomen til den enkelte?

Barack Obama signerer loven om helsereformen

President Barak Obama då han skreiv under på helseforma 23. mars 2010.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Løpske kostnader

Den varen det her er snakk om, er altså helseforsikring - som 50 millionar amerikanarar i dag ikkje har, og som gjer at dei ikkje har rett til anna enn akutt hjelp frå helsestellet.

Med helsereformen til Obama, slik den til slutt blei sjåande ut, ville 32 millionar av desse bli forsikra.

Men det skal altså skje gjennom påbod, i strid med den grunnleggande amerikanske fridomen, meiner Republikanarane.

Obama sin ide var å betre helsestellet for amerikanarane og få kontroll over dei raskt aukande helsekostnadene i USA. I 2010 nærma dei seg 15.000.000.000.000 (femten tusen milliardar) kroner, ti gonger meir enn i 1980.

Lova gir USA eit heilt nytt offentleg rammeverk for helsesektoren, og betyr mellom anna at forsikringsselskapa ikkje lenger vil kunne nekte enkeltmenneske med kjente helseplager ein avtale.

På den andre sida blir det altså ei plikt for enkeltmenneske å teikne forsikring. Dei som ikkje gjer det, må betale bot.

Fleire arbeidsgivarar blir også tvungne til å gi dei tilsette helseforsikring. Mange fattige vil få offentleg støtte til å dekke forsikringspremien.

Dommaren på vippen?

Blant amerikanske juristar, både konservative og liberale, har det vore ei brei oppfatning at lova er godt innanfor rammene i konstitusjonen og at den vil stå si prøve i høgsterett.

Men dei som har følgt behandlinga i retten, er blitt meir usikre.

Dei merka seg til dømes dei skeptiske spørsmåla som blei stilte av dommarane då partane presenterte saka for domstolen i vinter.

Spørsmål antydar ofte korleis dommarane vil stemme, og det var påfallande kor samstemte dei konservative var.

Spørsmåla deira blei tolka som at dei hadde problem med pålegget om at kvar enkelt amerikanar skal kjøpe helseforsikring, sjølve kjernen i klagemålet til høgsterett.

At dei konservative dommarane i spørjerunden også fekk følgje av Anthony Kennedy, vippedommaren framfor nokon, er tolka som at det kan gå mot eit knapt fleirtal i Obamas disfavør.

Det skal altså ikkje overraske nokon om retten deler seg i to, med dommar Kennedy igjen som den avgjerande stemma.

Motstander av helsereformen, USA

Motstandarane av helsereforma til Demokratane etterlet ingen tvil kva dei meiner om presidenten.

Foto: Charles Dharapak / Ap

Dommen over Obama

Men utfallet treng ikkje å bli eit anten eller for reformen. Retten kan velje å avvise enkelte delar av lova, medan andre blir ståande.

Talande nok bur partane seg på alle tenkjelege variantar når dei no sit og skriv pressemeldingar som skal sendast ut straks dommen fell. Ei gruppe aktivistar har åtte ulike ferdigskrivne alternativ.

Skepsisen skal også ha siva inn i Det kvite hus, der håpet no visstnok er at i alle fall noko av lova skal overleve.

Helsereformen kan altså bli den saka Barack Obama står og fell på. Den kan bety attval eller ikkje, og den kan avgjere ettermælet hans.

Men sjølv om han skulle vinne i retten, har han alt tapt mykje i folket.

Meiningsmålingane har lenge fortalt at reformen har fleire motstandarar enn tilhengjarar, og at fleirtalet håper at høgsterett forkastar den, heilt eller delvis. Likevel vil folk ha endringar.

Ei fersk måling denne veka seier at over 80 prosent støttar forslaget om at det ikkje er opp til forsikringsselskapa å bestemme kven som skal kunne ta forsikring. Nesten like mange støttar bestemmelsane om at barn kan dekkast av forsikringa til foreldra sine til dei er 26 år, og at bedrifter med meir enn 50 tilsette har plikt på seg til å forsikre medarbeidarane sine.

Elendig marknadsført

Helsereformen har delt USA etter partilinjene. Då lova blei vedtatt i Kongressen i mars 2010, var det utan ei einaste republikansk stemme.

Blant veljarane er det nesten likeeins. Av dei som seier at dei stemmer republikansk, er 86 prosent i mot lova i den nyaste måling. Blant demokratene er 75 prosent for.

Mitt Romney

Mitt Romney lovar ei ny helsereform, sjølv om han fekk igjennom ei tilsvarende som Obama i Massachusetts.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

Men for Obama, som prøver å vinne ein ny periode som president, er det kanskje endå meir interessant at nesten 75 prosent av dei som kallar seg uavhengige, er imot reformen. Og talet skal vere stigande.

Så har då også Demokratane gjort ein elendig jobb med å marknadsføre reforma. Medan motstandarane har brukt 1,5 milliardar kroner på å angripe lova via TV-reklame, har tilhengarane brukt knapt ein firedel av dette til å forsvare den.

Det paradoksale er at svært mange amerikanarar ønskjer seg større endringar enn det reforma varslar. Meiningsmålingane viser at eit fleirtal i folket, til og med mange republikanarar og uavhengige, er imot lova fordi den ikkje går langt nok.

President Obama hevdar at han har bygd helseplanen sin på ein tilsvarande som den republikanske presidentkandidaten Mitt Romney fekk gjennom då han var guvernør i Massachusetts.

Romney høyrer ikkje på det øyret, men brukar helsereformen til Obama for alt den er verdt politisk - og lovar uansett å oppheve den om han kjem til makta.

Skulle Republikanarane vinne i høgsterett, manar leiaren deira i Representanthuset, John Boehner, til varsemd.

– Vi skal ikkje feire i ei tid da millionar av våre landsmenn er utan arbeid, statsgjelda er større enn økonomien vår, helsekostnadene held fram med å vekse, og småbedrifter ikkje kan tilsette folk, skreiv han i eit memorandum til partifellene i Kongressen i førreveke.

Det kan vere godt råd å ta med på vegen om høgsterett seier at Obamas store prosjekt er i strid med grunnlova.

SISTE NYTT

Siste nytt