Hopp til innhold

Her høyrer du lyden av Mars

Ingen små grøne menn som snakkar, likevel høyrde forskarane noko overraskande då dei analyserte lydklipp frå planeten Mars.

Nasa har tatt opp lyden fra overflaten av Mars.

Nasa har tatt opp lyden frå overflata av Mars.

I 50 år har det kome fleire bilete frå Mars, men aldri ein einaste lyd.

No har NASA sitt Perseverance-oppdrag sett ein stoppar for denne totale stilla, og tatt opp dei første lydane frå planeten, skriv det franske forskingsinstituttet CNRS.

Opptaket er gjort av Perseverance, som er ein robot med blant anna seks hjul og to mikrofonar.

Han køyrde rundt på planeten i februar i fjor og tok opp til saman fem timar med lyd.

Perseverance Mars-roveren tar en selfie med Ingenuity-helikopteret på Mars 6. april 2021.

Perseverance Mars-roveren på Mars i april i fjor.

Foto: HANDOUT / AFP

Dette har gitt forskarane moglegheit til å analysere korleis det høyrest ut på den raude planeten.

Og fredag publiserte tidsskriftet Nature ein studie der forskarane gjer greie for sine første analysar av opptaket.

Lågare lydhastigheit

Studien stadfestar for første gong at lydhastigheita er treigare på Mars.

Der er den på 240 meter per sekund, medan på Jorda er farten 340 meter per sekund.

Dette var venta sidan atmosfæren på Mars er 95 prosent karbondioksid, medan jorda har 0,04 prosent. Dessutan er den 100 gonger tynnare, noko som gjer desibel svakare.

Planeten Mars som er dekket i noe som ser ut som rød jord og grå stein eller berg. Bildet er tatt i desember 2013.

Funna frå lydklippa viser at robotar som har mikrofonar kan hjelpe oss forstå atmosfæren på andre planetar i framtida, skriv CNRS.

Foto: HO / AFP

På same tid viser den også at det er stille på Mars. Så stille at forskarane på eit tidspunkt trudde mikrofonen var øydelagd, skriv CNRS.

Les også De første bildene fra superteleskopet overgår all forventning

Stjernen kalt TYC 4212-1079-1. Bildet er tatt at romteleskopet James Webb.

Ulik fart på ulik lyd

Forskarane høyrde også noko som gjorde dei veldig overraska.

Då dei målte lyden som vart laga av laseren til roboten, som undersøkte samansetninga av steinane på planeten, var lyden raskare enn venta.

Denne lyden bevega seg 250 meter per sekund, altså 10 meter raskare enn dei hadde målt tidlegare.

– Eg fekk litt panikk. Eg fortalde meg sjølv at ein av dei to målingane var feil, fordi vi har berre ein lydhastigheit på Jorda, seier Sylvestre Maurice, hovudforfattaren bak studien til nyheitsbyrået AFP.

Oppdaginga viser at det er to lydhastigheiter på den raude planeten.

Ein for høge toneleie som lyden frå laserstråling, og ein annan for lågfrekvente lydar som duren frå ein rotor på eit helikopter.

En fullskala modell av det eksperimentelle Mars Helicopter, som ble fraktet til Mars 2020 sammen med Perseverance-roveren,

Ein modell av helikopteret som reiste til Mars i 2020 saman med Perseverance-roveren.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Samtaletrøbbel

Difor vil det menneskelege øyret fange opp høgfrekvente lydar litt tidlegare enn dei lågfrekvente.

– På Jorda vil all lyd frå eit orkester nå deg med same fart, anten han er låg eller høg. Men tenk deg at du er på Mars, viss du er litt lenger frå scena, så vil det vere ei stor forseinking, seier Maurice.

Alle desse faktorane vil gjere det vanskeleg for to menneske å ha ein samtale berre fem meter frå kvarandre, skriv det franske forskingsinstituttet.

Les også Nå kan mysteriet i Djatlovpasset være løst – nye bevis styrker ledende teori

De ni studenten på vei til fjellet Kholat Syakhl. Bildet er tatt 1. februar.

– At dette er dei første lydopptaka på Mars, er veldig spennande, seier Stephane Werner.

Ho er professor i geofysikk og jobbar ved Senter for Jorda si utvikling og dynamikk ved Universitetet i Oslo.

Sjølv om det ville høyrast annleis ut, betyr dette at vi menneske kan høyre kvarandre om vi pratar på Mars, fortel Werner til NRK.

Professor geofysikk Stephanie Werner.

Professor geofysikk ved UiO Stephanie Werner seier funna er spennande.

Foto: UiO

Ho seier vidare at den vitskapelege verdien til desse funna er at det er eit kalibreringspunkt for modellering av atmosfæren og transporten av varme i atmosfæren.

– Generelt gir det ein annan oppfatning av å observere ein planet sin fysiske prosess, seier Werner.

SISTE NYTT

Siste nytt