Hopp til innhold

Her gravlegg innbyggjarar i Mariupol naboane sine

Innbyggjarar i den omringa hamnebyen Mariupol gravlegg naboar i bakgarden. Dei som er att i byen manglar mat, vatn og varme.

Ein ukrainsk soldat viser Reuters-korrespondenten rundt i hamnebyen Mariupol søraust i Ukraina. Her møter dei blant anna

Ein ukrainsk soldat viser Reuters rundt i hamnebyen Mariupol søraust i Ukraina.

Byen er blant dei hardast råka byane i krigen. I fleire veker har Russland bombardert hamnebyen.

– Mange sivile er drepne

Byen har blitt ein spøkelsesby. I gatene ligg døde menneske. Bygningane rundt er totalskadde og bakgardar har blitt til gravplassar.

– Mange sivile er drepne og det er framleis mange lik i leilegheitene, seier Denis til Reuters. Han har ikkje ønskt å oppgi etternamnet sitt.

For andre dagen på rad gravlegg han naboane sine i bakgarden.

– Det er mange born her, så vi bestemte oss for å gravleggja kroppane slik at dei ikkje rotnar, legg han til.

Folk i Mariupol hentar vatn frå ein brønn ikkje så langt frå det utbomba teateret i byen.

Folk i Mariupol hentar vatn frå ein brønn ikkje så langt frå det utbomba teateret i byen.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Det blir rekna at 100.000 av dei opphavleg 450.000 innbyggjarane er att i byen.

Dei som er att, manglar både mat, reint vatn, straum og varme.

– No lagar vi pannekaker. Vi prøver å halda oss i live, seier Yekaterina Lanina som Reuters har snakka med.

Ein innbyggjarar i Mariupol, Yekaterina Lanina, steiker pannekaker utanfor bygningen der ho bur.

Yekaterina Lanina steiker pannekaker utanfor bygningen der ho bur.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Britisk etterretning: Mariupol er eit hovudmål

Den omringa hamnebyen Mariupol ser ut til å vera eit hovudmål for den russiske invasjonen, kom det fram i den daglege etterretningsoppdateringa frå det britiske forsvarsdepartementet søndag.

Forsvarsdepartementet skriv at Mariupol framleis blir utsett for «kraftige og vilkårlege åtak».

Russland blir skulda for å gå til åttak på sivile. På denne bilen som står i ei gate i Mariupol er ordet "barn" skrive med store bokstavar.

Russland blir skulda for å gå til åtak på sivile. På denne bilen som står i ei gate i Mariupol er ordet «barn» skrive med store bokstavar.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

– Dei kraftige kampane held fram i Mariupol medan russiske styrkar forsøker å ta byen. Mariupol er ganske sikkert eit sentralt mål for den russiske invasjonen, ettersom byen vil sikra ein landskorridor frå Russland til det okkuperte området på Krim, skriv det britiske forsvarsdepartementet på Twitter.

Institute for the Study of War skreiv allereie 26. mars at russiske strykar ville overta Mariupol i løpet av kort tid, men det britiske forsvarsdepartementet skriv at ukrainske styrkar framleis står imot angrepa og held kontrollen i sentrale område av byen.

Les også Derfor er Mariupol så viktig for Putin

Folk samles utenfor de utbombede blokkene i Mariupol.

Russiske åtak på sivile mål

Bilda frå ruinane etter at russiske rakettar trefte barnesjukehuset i Mariupol vekte sterke reaksjonar.

Både FN og Verdas helseorganisasjon fordømde åtaket. Presidenten i Europaparlamentet, Josep Borell, kalla åtaket eit «avskyeleg krigsbrotsverk».

Biletet viser ei gravid kvinne som blei boren ut av barnesjukehuset i Mariupol. Kvinna døydde seinare av skadene.

Biletet av den gravide kvinna som blei boren ut av sjukehuset gjekk verda rundt. Seinare blei det kjent at kvinna døydde av skadane.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

Berre ei veke etter åtaket på barnesjukehuset kom nye sjokkbilde frå den omringa hamnebyen.

På bakken utanfor teateret i Mariupol hadde innbyggjarane skrive det russiske ordet for «barn». Likevel blei teateret øydelagt i eit russisk luftangrep.

Teateret i Mariupol blei øydelagt i eit russisk luftangrep.

Slik ser teaterbygning i Mariupol ut i dag. Kvinner og barn brukte bygningen som tilfluktsstad då krigen braut ut.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Matilda Bogner, som leiar FNs menneskerettsavdeling i Mariupol seier til Reuters at dei ikkje har full oversikt over kor mange sivile som er drepne.

– Vi trur det kan vera tusenvis av døde, sivile offer i Mariupol, seier ho.

Evakueringa frå byen har vore vanskeleg og hjelpeorganisasjonar har fleire gonger varsla om ein katastrofal humanitær situasjon.

Det russiske militæret har heile tida nekta for at dei står bak angrep på sivile og har skulda på ukrainarane.

SISTE NYTT

Siste nytt