Hopp til innhold

Her går skotet av på dansegolvet

Ein FBI-agent på dansemoro i Denver tek ein baklengs salto. Pistolen hans fell ut av baklomma, og eit skot blir fyrt av når han plukkar opp våpenet. Sjå den dramatiske videoen her.

VIDEO: Sjå den dramatiske videoen her.

FBI-mannen, som ikkje var på jobb, dansa og hadde det kjekt på nattklubben Mile High Spirits i Denver i den amerikanske delstaten Colorado. Så finn han ut at han skal ta ein baklengs salto, og det gjer han på ein framifrå måte.

Han hadde nok ikkje rekna med at pistolen hans skulle falle ut. Då han merkar det, kastar han seg over våpenet. Då går det av eit skot og ein mann på dansegolvet blir treft i foten. Politiet i opplyser til Denver Post at mannen ikkje er alvorleg skadd.

Det er ingen grunn til å tru at han fyrte av skotet med vilje.

FBI-agenten vart teken med til hovudpolitistasjonen i Denver, der ein overordna frå FBI tok hand om han. Saka er framleis under etterforsking.

Det er naturleg å tru at agenten må svare for kvifor han hadde med seg ein ladd pistol under utøving av utagerande dansing på ein nattklubb. Det ville neppe overraske nokon om det viser seg at han handla i strid med FBI-instruksen for våpenbruk.

SISTE NYTT

Siste nytt