NRK Meny
Normal

Her går haiane til angrep på verdsmeisteren

Eit haiangrep stansa i dag VM-turneen i surfing i Jeffreys Bay i Sør-Afrika. Australske Mick Fanning kom seg så vidt unna då to digre haiar gjekk til angrep under finalen.

Her får den tidligere verdensmesteren Mick Fanning et ubehagelig møte med to haier under et mesterskap i Sør-Afrika i dag.

VIDEO: Mick Fanning vart kasta av brettet då ein av haiane dunka bort i det.

Arrangementet, som er i regi av World Surf League , vart straks stansa etter haiangrepet, og det blir ikkje fleire konkurransar i dag. Mick Fanning og konkurrentane var så vidt i gang med finalen då haiane gjekk til angrep.

Mick Fanning vart kasta av brettet då ein av haiane dunka bort i det.

– Eg kjende noko på leggen, og eg sparka for å få det vekk, slik at eg kunne kome meg unna. Då så eg haifinnane, og eg berre venta på å kjenne tennene, sa Fanning til Sky News Australia like etter den dramatiske hendinga.

Han fortalde at han greidde å få inn eit kraftig spark mot ryggen på haien.

– Han held fram med å kome mot brettet mitt og eg sparka og skreik. la han til.

Den tredoble verdsmeisteren vart kjapt berga opp av sjøen av hjelpebåtar saman med landsmannen Julian Wilson, som også hadde nærkontakt med haiane.

Jeffreys Bay, populært kalla J-Bay i surfemiljøet, ligg i den austlege Kapp-provinsen i Sør-Afrika.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt