Hopp til innhold

Her feirar dei id for første gong på fleire år

I Irak kunne store delar av innbyggjarane i Mosul feire slutten på den muslimske fastemånaden, utan å vere kontrollerte av ekstremistgruppa IS.

Id-feiring i Mosul

LEIK: Barna i Mosul leikar med plastvåpen under feiringa av id. Dette var dei einaste leikane dei fekk ha under det strenge IS-regime.

Foto: Alaa Al-marjani / Reuters

Folk har samla seg på eit torg i den austleg delen av byen. Nokre av barna leikar på dei gamle leikeapparata, andre spring rundt med leikepistolar.

Plastvåpen var dei einaste leikane terrorgruppa lét barna få ha, då dei tok kontroll over av byen i juni 2014. Dei praktiserer ei ekstrem tolking av islam, der dokker vert sett på som avgudsdyrking.

IS oppmoda ungane til å trene med våpen, og dei endra tekstbøkene slik at dei reflekterte den militære ideologien til gruppa. I staden for eple og pærer, vart barna bedne om å legge saman bomber eller kuler i reknestykka.

Barn leikar i Mosul

For første gong sidan IS tok kontroll over Mosul, kan barna leike fritt.

Foto: Alaa Al-marjani / Reuters

Glede og sorg

Gutt Mosul

Denne guten har fått vatn og kjeks frå hjelpeorganisasjonane under feiringa av id.

Foto: Erik De Castro / Reuters

Under det strenge IS-regimet var bøn den einaste markeringa av id innbyggjarane fekk delta i. Men sjølv om innbyggjarane no er fri, ligg det likevel ein skugge over feiringa.

– Det vert ikkje noko ekte id før vi kjem heim, sa ein mann i sekstiåra til Reuters. Han har flykta frå den vestlege delen av byen.

Sjølv om irakiske regjeringsstyrkar har tatt tilbake kontrollen over store deler av Mosul, har IS framleis kontroll over gamlebyen. Her er fleire tusen menneske fanga i kamphandlingane.

Dei som har klart å flykte fortel at sivile gøymer seg i ruinane av gamle hus, og lever under svært vanskeleg forhold, med lite mat, vatn og medisinar.

Innbyggjarane er også triste fordi den 850 år gamle al-Nouri-moskeen er blitt øydelagd av IS tidlegare denne veka.

– Id er ikkje det same, sa ein mann som var redd for å fortelje namnet sitt.

Trur på siger

Irakiske militærstyrkar rykte søndag endå lenger inn i ruinane av gamlebyen. I kampen mot IS har soldatane også fått hjelp frå ein amerikansk-leia koalisjon, som gir støtte både på bakken og frå lufta.

– Mellom 65 og 70 prosent av gamlebyen er frigjort. Det er berre rundt ein kvadratkilometer vi har igjen å erobre tilbake, seier oberstløytnant og leiar for antiterrorstyrken CTS, Salam al-Obeidi, til AFP.

Kampane dei siste vekene har vore blant dei mest intense i den tre år lange krigen mot IS. Ifølgje AFP er øydeleggingane i byen svært omfattande. Dei skildrar også ei forferdeleg lukt av lik som ligg og rotnar.

Ifølgje regjeringsstyrkane er det berre er eit par hundre IS-krigarar igjen. Dei har ingen stadar å flykte, og har forsvart seg med feller, bombekastarar, sjølvmordsbombarar og snikskyttarar.

I dag gratulerte den irakiske statsministeren Haider al-Abadi folket i Mosul med id. Han sa at han er sikker på at styrkane er nær ved å kunne erklære ein siger over IS.

Gamlebyen Mosul

RUINAR: Svært mange av bygningane i Mosul er øydelagde etter fleire år med kampar. Nokre bygg står framleis, men ingen er urørte, ifølgje AFP.

Foto: Ahmad Al-rubaye / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt