Hopp til innhold

Her er Gert Danielsen ein fri mann

Dette er dei første videobileta av Gert Danielsen (34) etter at han vart sett fri i Jemen i går, etter 10 dagar som gissel.

Video Nordmann satt fri i Sanaa

VIDEO: Sjå videobileta frå jemenittisk fjernsyn.

Videoen viser at Danielsen kjem ut av ein FN-bil, og han blir møtt av blant andre leiaren for FNs arbeid i Jemen, danske Jens Tøyberg-Frandzen. Han takkar jemenittiske styresmakter for det gode samarbeidet under gisselkrisa. Han uttrykkjer også takk for hjelpa FN har fått frå Noreg.

Gert Danielsen

Gert Danielsen vart halden som gissel i Jemen i 10 dagar før han vart sett fri i går.

Foto: Privat

Gert Danielsen vil reise tilbake til Noreg for å kvile og hente seg inn igjen etter den dramatiske bortføringa, men vil snart ta opp att arbeidet sitt i FNs utviklingsprogram UNDP.

LES OGSÅ: Gert Danielsen (34) ble bortført i Jemen: Jeg er glad det er over!

Deltok ikkje i forhandlingar

Det norske utanriksdepartementet opplyser at dei ikkje var direkte involverte i forhandlingane som førde til at den 34 år gamle nordmannen Gert Danielsen vart sett fri i Jemen.

Avisa VG melder i dag at norsk militært personell og gisselekspertar frå politiet reiste til Jemen då Danielsen vart kidnappa i eit vegkryss i hovudstaden Sanaa søndag for snart to veker sidan. Han vart sett fri i går.

Etter det VG kjenner til sende norsk UD personell til Sanaa kort tid etter at Danielsen vart bortført. Saman med dei reiste spesialpoliti frå Kripos og Oslo politidistrikt, som er trena i gisselaksjonar og redningsaksjonar.

LES OGSÅ: – Brudd i forhandlingene om norsk gissel

LES OGSÅ: Opplever marerittet i Jemen på nytt

– Har fått løysepengar

Det var FN og jemenittiske styresmakter som stod for forhandlingane med kidnapparane. Mest truleg var det representantar for ein stamme som var i konflikt med styresmaktene som kidnappa nordmannen. Dei skal ha kravd at ein fengsla medlem av stammen skulle setjast fri.

Dagbladet melder, med redaktøren i Yemen Times som kjelde, at kidnapparane har fått løysepengar, men at dei ikkje fekk gjennom kravet om at vedkomande skulle setjast fri. Men han skal ha blitt flytta til eit fengsel i området han kjem frå.

LES OGSÅ: – Tøffe krav fra kidnappere i Jemen

LES OGSÅ: Sendte bilde av kidnappet 34-åring

LES OGSÅ: Jemens regjering sender flere forhandlere

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt