Hopp til innhold

Her er dei hardast råka av koronaviruset

PRAHA, TSJEKKIA (NRK): Restaurantar og skular er stengt. Turistane er borte. Kapasiteten til sjukehusa er sprengt, og hæren byrjar i dag å bygge feltsjukehus. No er det full koronaalarm i Tsjekkia.

Soloppgang ved Karlsbroen i Praha i Tsjekkia

Sola stig opp over Karlsbrua i Praha. No er Tsjekkia det landet som har mest smitte pr. innbyggar.

Foto: DAVID W CERNY / Reuters

På ein godversdag er Karlsbrua i gamlebyen stappfull av turistar.

No er den folketom på grunn av at det sentraleuropeiske landet med om lag 10 millionar innbyggarar er det landet i Europa som akkurat no er hardast råka av koronaviruset.

Det får konsekvensar for mange.

Anti-korona demonstarsjon Praha

Mange møtte opp i gamlebyen på søndag for å protestere mot dei nye korona-tiltaka. Mange var frustrerte fotball og ishockey-tilhengarar som ikkje lenger kan gå på kamp. Politiet måtte til slutt bruke tåregass og vasskanonar for å spreie folkemengda.

Foto: Petr David Josek / AP

Bekymra for dei tilsette

Når NRK møter nordmannen og restauranteigar Nils Jebens og teamet hans ved Kampa Park restaurant i Praha, er det ei dyster stemning.

Stolar og bord blir dekt til, servise og bestikk blir pakka inn i plast.

Det er framleis lov å levere takeaway, men for ein restaurant med 300 sitteplassar og 150 tilsette, er ikkje dette noko alternativ. Halve opplevinga er jo å nyte utsikta til å den berømte Karlsbrua og kose seg ut i dei små timar.

Jebens er tidlegare marinejeger, og har drive kasino i Austerrike. Han er ikkje redd for ei utfordring, men dette overgår det meste.

Nils Jebens Kampa Park

Glas, dukar og pledd blir pakka ned. Det er uvisst når Nils Jebens kan starte opp drifta igjen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Eg har drive med dette i 25 år og byrjar nærme meg slutten. Det var ikkje det eg tenkte meg, at eg kanskje må starte på nytt til våren.

Han uroar seg også for framtida til staben:

– Eg vil no alltids klare meg, men her er 150 menneske som har husbanklån og familiar, så det er tøffe tak.

Statsministeren: – Katastrofal statistikk

Andrej Babiš

Statsminister Andrej Babiš under EU-toppmøtet i Brussel 16. oktober

Foto: OLIVIER HOSLET / AFP

Regjeringa kallar det ei nasjonal katastrofe. Sjukehusa har snart ikkje kapasitet til å ta imot fleire pasientar, sa statsminister Andrej Babiš under ein pressekonferanse:

– Vi må straks auke opp kapasiteten. Hæren og krisestaben har fått klarsignal til å byrje denne helga. Vi har dårleg tid, prognosane ser ikkje bra ut og statistikken er heilt katastrofal, sa Babiš.

Målet er å ha ein kapasitet på 10.000 intensivsenger for dei med covid-19, sa helseminister Roman Prymula.

2400 sisteårsstudentar frå medisin, tannlege og andre helseutdanningar blir no rekruttert for å hjelpe til.

Laurdag byrja hæren å bygge eit feltsjukehus med 500 senger i eit messeområde utanfor Praha.

g3ALCq1PzfY

Ein koronapasient får behandling på ei intensivavdeling ved Thomayer sjukehus i Praha 14. oktober. Regjeringa arbeider no med å auke kapasiteten på sjukehusa.

Foto: MICHAL CIZEK / AFP

– Det er fullt kaos

Ved restaurant Kampa Park fortviler kjøkkensjef Marek Raditsch.

– Regjeringa seier noko ein dag, også noko anna den neste. Det er fullt kaos, fortel han til NRK.

Den tsjekkiske regjeringa får kritikk for å ha reagert for seint, noko helseministeren har beklaga.

Restauranteigar Nils Jebens trur Tsjekkia no er i ei djup krise det vil ta lang tid å kome seg ut av. Han trur restaurantane tidlegast kan opne igjen til jul, men han fryktar det vil gå enda lenger tid. Kanskje til februar eller mars neste år.

– No må vi slutte å håpe og berre ta alle grep vi kan for å redde det som reddes kan.

SISTE NYTT

Siste nytt