Hopp til innhold

Her blir politimann skoten på open gate

Dette biletet viser brutaliteten under terroråtaket i Paris i føremiddag. Ein politimann ligg skadeskoten på fortauet i det terroristane spring bort til han og skyt han i hovudet.

Politimann skoten på open gate i Paris

SKOTEN: Her ser vi to menn ta livet av ein politimann som forsøkte å stoppe terroristane.

Biletet er henta frå ein video som eit augevitne har filma. På videoen ser ein to maskerte menn i svarte kjeledressar i det dei stormar ut av ein svart bil Citroën på open gate.

Maskerte menn tok seg i føremiddag inn i redaksjonen til det satiriske vekebladet Charlie Hebdo. Ifølge nyheitsbyrået AFP tok mennene seg inn i redaksjonen like før klokka 11.30. Dei skal ha skote vilt rundt seg.

Dramatisk video

Dei to terroristane på videoen var utstyrte med automatvåpen, truleg av typen AK-47. På videoen kan ein høyre at dei losnar fleire skot.

Nokre sekund seinare kan ein sjå ein politimann ligge livlaus på fortauet nokre meter unna. Like etter beveger politimannen på seg, snur seg rung og løftar hendene over hovudet.

Rett etterpå kan ein sjå dei to maskerte mennene springe bort til politimannen. Der rettar ein av mennene automatvåpenet mot politimannen og skyt han i hovudet, før dei spring vidare og flyktar bort i bilen dei kom i.

«Vi har hemna profeten Muhammed»

Ein av terroristane skal har ropt følgjande til politiet, ifølgje BFM TV: «Vi har hemna profeten Muhammed. Charlie Hebdo er død».

Hittil er tolv personar stadfesta drepne i åtaket. Blant dei døde er to politibetjentar og fire tegnarar. I tillegg skal rundt 20 personar vere såra.

Terroristar i Paris

MASKERTE: På videoen ser ein to maskerte menn i svarte kjeledressar i det dei stormar ut av ein svart bil, ein Citroën. Like etter skyt dei vilt rundt seg.

SISTE NYTT

Siste nytt