Hopp til innhold

Her blir luksusbilar til 11 millionar smadra

Skal vere ein lærepenge til dei som smuglar bilane inn i landet.

Ei gravemaskin smadrar fleire luksusbilar i Manila, Filippinane.

KNUST: Det skal ikkje løne seg å unngå skattar og avgifter, meiner filippinske myndigheiter.

Foto: FRANCIS R. MALASIG / EPA

21 smugla motorkøyretøy, deriblant fleire luksusbilar, blei fredag smadra i hel av ei gravemaskin i Manila på Filippinane.

Blant dei knuste bilane finn vi ein heilt ny McLaren 620R, ein Porsche 911 og ein 2007-modell Bentley, skriv CNN.

Årsaka til at desse heilt dugande bilane blei vraka er at dei vart smugla inn i landet. Som følge av at det dermed ikkje vart betalt skatt på dei, vart dei beslaglagt.

Men i staden for å selje bilane for å tene inn dei tapte inntektene, valte dei filippinske myndigheitene ein litt frekkare metode.

Verdt 11 millionar kroner

Ein etter ein vart bilane smadra av gravemaskina. For kanskje er synet av at fine luksusbilar blir øydelagt ille nok til at skattesnytarane tenker seg om ein gong til?

Det er i alle fall det filippinske myndigheiter meiner og trur.

Smugla luksusbilar blir øydelagte av filippinske myndigheiter.

For andre gong i år blir fleire luksusbilar øydelagt i Filippinane. I februar vart 17 smuglarbilar knuste.

Foto: FRANCIS R. MALASIG / EPA

Bilane vart beslaglagt mellom 2018 og 2020, og er til saman verdt svimlande 58 millionar filippinske pesos, tilsvarande nesten 11 millionar kroner.

I tillegg til luksusbilane blei også 14 Mitsubishi firehjulstrekkarar, og dessutan ei rekke andre bilar, gjort til inkjes same dag.

Tradisjon

Ein bulldosar knuser fleire bilar i Manila, Filippinene.

Mange møtte opp for å sjå bilsmadringa i 2018.

Foto: Romeo Ranoco / Reuters

Det er ikkje første gong filippinske myndigheiter har sett seg nøydde til å knuse importerte bilar. I 2018 blei det haldt ein liknande seremoni, der ein bulldosar køyrde over ei seng av bilar i merka Porsche, Jaguar og Corvette, ifølge Fox News.

Finansminister Carlos Dominguez var klar i talen den gong:

– Det løner seg ikkje å unngå skattar og avgifter i Filippinane. Folk kan like godt slutte å prøve, dei vil aldri lukkast.

SISTE NYTT

Siste nytt