Førebels er det berre den to kilometer lange vegstrekninga mellom Arlanda-flyplassen og godsterminalen Roserberg som har blitt elektrifisert. Men styreleiar i konsortiet som står bak prosjektet, Hans Säll, har stor tru på at det kan bli bygd mange fleire elektriske vegar i åra framover både i Sverige og i utlandet.
Ein ombygd diesel-lastebil frå selskapet PostNord var den første som køyrde vegen etter den offisielle opninga. Säll seier til NRK at denne løysinga gjer at elbilar kan greie seg med langt lettare batteri enn det til dømes ein Tesla har i dag.
Lettare batteri
– Ein Tesla har eit batteri som veg rundt 600 kilo. Med dette systemet er det kanskje behov for eit halvparten så stort batteri, og det blir også billegare å produsere. Eg trur dette kan vere med på å nå det svenske målet om å ikkje lenger vere avhengig av fossilt drivstoff i 2030, seier han.
Dette er eit system der elbilen får straum frå ei elektrisk skjene under bakken via ein hendel under bilen. Dette er ikkje standard på elbilar i dag, men Säll seier at bilprodusentane følgjer nøye med på utviklinga. Han trur ikkje det naudsynte ekstrautstyret vil bli så dyrt, når det kjem i industriell produksjon.
Det er ikkje naudsynt å byggje nye vegar for å ta systemet i bruk, det kan byggjast inn i det eksisterande vegnettet. Og bilar som er i bruk i dag, kan enkelt byggjast om.
Det er den svenske oppfinnaren Gunnar Asplund som står bak den banebrytande teknologien.
– Ikkje berre ei løysing
Dei svenske vegstyresmaktene meiner at dette systemet er aktuelt for fleire av dei store hovudvegane i landet. Dersom ein får lagt skjener på det meste av hovudvegnettet, så er det aldri meir enn 45 kilometer mellom hovudvegane. Og det er ei strekning dei fleste elbilane alt i dag kan køyre på batteri.
– Vi må hugse at transportsektoren er viktig for å nå utsleppsmåla, men det er ikkje berre ei løysing på dette. Vi kjem til å trenge ein kombinasjon av elvegar, ladestasjonar og biobrensel for å nå utsleppsmåla, seier Hans Säll til NRK.
Norsk prosjekt
Her i landet samarbeider blant andre Vegdirektoratet og SINTEF om prosjektet
. Tom E. Nørbech frå Vegdirektoratet, som jobbar med den samfunnsøkonomiske delen av prosjektet, fortel at det først og fremst er godstransport og tungtrafikk dei tek føre seg.Det er tre alternativ som blir vurderte. Det første er å bruke køyreleidning etter mønster frå trikk og tog. Dette er ei løysing som berre kan brukast av større køyretøy.
Det andre alternativet er ei skjene i vegbana, slik det er gjort forsøk med i Sverige.
Alternativ tre er induktiv trådlaus lading av køyretøya. Dette alternativet har kome kortast teknologisk, som gjer det vanskeleg å hente ut kostnadstal. Derfor blir dette ikkje vurdert i denne omgang.
– Vi arbeider med å kvalitetssikre funna no og legg fram ein sluttrapport i juni. Det er praktisk mogleg å gjennomføre dette, men spørsmålet er om dette er ein hensiktsmessig måte å få ned klimautsleppet på, seier Tom E. Nørbech til NRK.