Hopp til innhold

Hemmeleg spionvideo frigitt i USA

Det amerikanske føderale politiet FBI har frigitt tidlegare hemmelegstempla videomateriale av russiske spionar i USA, blant andre av kjendisspionen Anna Chapman.

Video Slik jobba russiske spionar i USA

VIDEO: Hemmelege videoar nedgraderte av FBI

Den russiske spionen Anna Chapman som forsidejente.

Spionen Anna Chapman som forsidemodell i eit russisk vekeblad.

Foto: Ap

I starten av videoen over kan vi sjå 28 år gamle Anna Chapman i møte med ein hemmeleg FBI-agent på ein kafé i New York.

Chapman på handletur

Det er også bilete av Chapman på handletur i eit kjøpesenter, truleg er det Macey's, medan det som FBI seier er ein russisk tenestemann, ventar på henne utanfor.

Anna Chapman vart medieyndling over store delar av verda etter avsløringa. Ho stilte opp i vekeblad og aviser meir eller mindre påkledd etter at ho kom til Russland, og pressa gassa seg i kjærleikshistoriene hennar.

Det er også bilete av andre som skal ha vore med i spionringen, som vart avslørt av FBI i juni fjor. Ti russarar vart utviste frå USA i samband med denne saka. Alle ti erklærte i retten seg skuldige i å ha vore spionar for Russland.

Seinare vart ein tidlegare russisk etterretningsagent dømd in absentia i Russland for å ha gitt informasjon til amerikanske styresmakter som førde til at dei ti vart avslørde.

LES OGSÅ: Russland slikker sine spion-sår

LES OGSÅ: – Jeg sang karaoke med agentene

Mystisk møte i trapp

Videoen viser også to menn som møter kvarandre i ei trapp, der det ser ut som om dei byter handleposar, og i eit anna klipp er det ein mann som ser ut til å grave opp eller ned noko i ein park.

FBI sa då dei ti vart arresterte i fjor at saka var ei påminning om at det ikkje vart slutt på spionasje sjølv om det var slutt på den kalde krigen.

FBI gjorde det også klart at sjølv om dei ti aldri fekk tak i hemmeleg informasjon, så arbeidde dei heile tida veldig hardt for å få tak i slik informasjon.

LES OGSÅ: Spionutveksling gjennomført

LES OGSÅ: Semje om spion-utveksling

LES OGSÅ: - Spionutveksling i kveld

LES OGSÅ: USA-spion sparket etter kidnapping

SISTE NYTT

Siste nytt