Kart over etniske og religiøse grupper i Irak.
London-avisa The Times skriv at planen går ut på at FN tek over kontrollen i Irak tre månader etter ein amerikansk-leia invasjon.
Målet er å hjelpe landet til sjølvstyre.
Ein FN-talsmann stadfestar at planen finst, men vil ikkje seie noko om innhaldet.
The Times skal ha fått ein kopi av den 60 sider store planen, som skal vere laga den siste månaden, samstundes som dragkampen om ein ny FN-resolusjon om Irak pågår for fullt i FN-systemet.
Planen er bestilt av Louise Frechette, den kanadiske medarbeidaren til generalsekretæren i FN, Kofi Annan.
Arbeidet med planen er gjort i FN-hovudkvartertet i New York av ei plangruppe med seks medlemer.
FN-tenestemenn omtalar overfor telegrambyrået Reuters planen som eit første forsøk på å starte samtalar om ei mogeleg rolle for FN i samband med oppbygginga av Irak etter ein eventuell krig.
FN kan kome til å overta i Irak etter ein USA-leia administrasjon, om lag tre månader etter at eventuelle kampar er over.
FN samanliknar planen med gjenoppbygginga av Afghanistan, der FN hjelpte til med å forme ei ny, mellombels afghansk regjering etter at Taliban-regimet var fjerna.