NRK Meny
Normal

Helsepersonell likvidert i Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ni personar vart drepne då væpna menn fredag gjekk til åtak på to feltapotek nord i Nigeria, kor helsearbeidarar hadde samla seg for å førebu ein vaksinasjonskampanje.

Dei væpna mennene kom på motorsyklar, opplyser polititalsmann Magaji Musa. Ifølgje han skulle helsearbeidarane dele ut poliovaksinar i byen Kano.

Det er ikkje kjent kven som står bak åtaka, men den ytterleggåande islamistsekta Boko Haram vert skulda for å stå bak ei rekkje andre åtak i regionen den siste tida.

Drap hundrevis i 2012

Nigeria er eitt av berre tre land kor polio framleis er utbreidd. Dei to andre landa er Pakistan og Afghanistan.

Polio er ein akutt smittsam sjukdom forårsaka av eit virus som angrip nerveceller i ryggmargen. Viruset kan gjera menneske ulækjeleg lame berre timar etter at ein er infisert.

Sekta Boko Haram har tidlegare uttalt seg fordømmande om vestleg medisin.

Abubakar Shekau, antatt leder av Boko Haram

Boko Haram-militsen har vore i konflikt med regjeringa og kristne i Nigeria sidan starten av 1950-talet.

Foto: - / Afp

Muslimske leiarar sa nei til vaksinering

I 2003 bannlyste muslimske leiarar i nordlege delar av Nigeria polio-vaksinering. Dei meinte vaksina kunne føra til sterilitet og Aids.

Kampanjen fekk seinare skulda for ei oppbloming av sjukdomen i Nigeria og i andre afrikanske land som tidlegare hadde greidd å utrydda polio.

Boko Haram drap i fjor hundrevis av menneske i sine forsøk på å innføra islamsk sharialov.Folkesetnaden på 160 millionar er grovt sett delt mellom to religionar: kristendommen og islam.

Hundrevis er drept av Boko Haram i Nigeria

Den militante ekstremistgruppa Boko Haram har valda mykje sorg blant folket i Nigeria. Sekta tok i 2012 livet av mange hundre menneske i sin kamp for innføring av sharialov.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt