Hopp til innhold

Helsekost-butikkar ville selje «medisin» mot demens

Ein reporter frå svensk fjernsyn besøkte 30 helsekostbutikkar og bad om hjelp til mormora, som ho sa hadde fått alvorleg minnetap. Berre i åtte av butikkane fekk ho råd om å gå til lege.

Helsekostkjeden Life i Sverige brøt reglene og henviste ikke kunder til lege ved mistanke om alvorlig sykdom, som Alzheimers.

SKJULT KAMERA: Svenske SVT dekk blant anna tilbod om gurkemeie mot demens - ikkje å kontakte lege.

Det skal vere rutine i svenske helsekostbutikkar at menneske med alvorlege sjukdomsteikn skal rådast til å ta kontakt med lege. SVT-reporteren Åsa Avdic vitja 30 butikkar, og berre i åtte av dei fekk ho det rådet ho skulle ha fått.

I dei andre butikkane fekk ho tilbod om ulike produkt som skulle hjelpe mot demens og Alzheimers, blant anna gurkemeie.

– Berre eitt forsvarleg råd

Lennart Minthon, den fremste eksperten på demens i Sverige, seier at det berre er eitt forsvarleg råd å gi pasientar med alvorleg minnetap. Det er å oppsøkje lege.

Alle helsekostkjedene sentralt seier at dei alltid ber pasientar med alvorlege symptom om å gå til lege, men det skjedde altså berre i åtte av dei 30 butikkane SVT-reporteren vitja med skjult kamera.

Pårørande-foreininga Alzheimer Sverige reagerer også sterkt på at 22 av butikkane ville selje ulike preparat som skulle hjelpe mot minnetap.

Innslag frå Sveriges Television

VIDEO: Sjå heile innslaget til svenske SVT.

– Det er deprimerande, seier leiaren Krister Westerlund, og legg til:

– Viktig med rask diagnose

– Dei som ber slike pasientar om å oppsøkje lege, dei tek ansvar. Det er svært viktig for denne typen pasientar å kome til lege kjapt, slik at det kan stillast ein diagnose.

Forskaren Lennar Minthon er samd i dette. Dei meiner begge at sjølv om det ikkje er mogleg å bli frisk av denne sjukdomen i dag, så er det stor skilnad i livskvaliteten hos dei som får stilt ein tidleg diagnose enn dei som får stilt diagnosen på eit seinare tidspunkt.

Ber om orsaking

Maria Hernandez er utdanningsansvarleg i helsekostkjeda Life, den største i Sverige, Ho seier at det som har skjedd er i strid med alle instruksar om korleis dei tilsette i butikkane skal svare kundane når slike spørsmål kjem på banen.

– Vi må ta i dette internt og lære opp personalet vårt slik at dei forstår dette. Dei meiner ikkje noko gale med dette, dei vil berre hjelpe. Men dette var ikkje bra. Vi ber om orsaking, seier opplæringsansvarleg i Life, Maria Hernandez.

Skjer i Norge

Ifølge Statens legemiddelverk er det gjort tilsvarande undersøkingar i Noreg, og der er også helsekostkjedene kome dårleg ut.

Steinar Madsen

REAGERER: Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk.

Foto: Statens legemiddelverk

– Det er vanlegare enn vi likar. Det har skjedd at pasientar med hjartesjukdom har fått råd om kosttilskot som dei ikkje skulle bruke. Det kan øydelegge verknaden av viktige medisinar, seier Steinar Madsen, fagdirektør i Legemiddelverket.

Han er klar på at all behandling med tilskot må skje i samråd med lege.

– Eit døme er Johannesurt, som blir brukt mot depresjon. Det kan øydelegge verknaden av veldig mange legemiddel, både p-piller, legemiddel mot hiv, og så vidare.

– Helsekost er stort sett ufarleg, men nokon kan bli skada, og dei som kan det - dei må ikkje få desse kosttilskota, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt