Det vekkjer oppsikt at utanriksminister Frank-Walter Steinmeier ikkje planlegg å møte representantar for den amerikanske regjeringa, men heller vil snakke med California-guvernøren Arnold Schwarzenegger, som er fødd i Austerrike.
President George W. Bush har ikkje ord på seg for å vere ein miljøhelt, mens Schwarzenegger vert rekna for å ha stor innverknad når det gjeld verdas miljøspørsmål.
Miljøvennleg
Filmstjerna, som ein gong var mest kjend for musklane sine og kommentaren "I'll be back", har no mellom anna gjort om på dei svære Hummerbilane sine slik at dei kan bruke hydrogen som drivstoff.
Nokre meiner det er eit forsøk på å vinne veljarane sin gunst, men den tidlegare kroppsbyggjaren har også innført lover som har gjort California til eit av dei mest miljøvennlege områda i USA
Les også:
Ambisiøse klimamål
Steinmeier reiser til USA kort tid etter besøket på Svalbard der han møtte utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Der understreka Støre sin ministerkollega at EU har ambisiøse klimamål.
- Alt må gjerast for å stoppe dei dramatiske verknadene av klimaendringane, sa Steinmeier då han besøkte ein av verdas nordlegaste forskningsstasjonar i Ny Ålesund.
Les også:
- Banebrytar
Når Steinmeier prioriterer å reise til California framfor Washington D.C., så viser han tydeleg at han ikkje trur han ville kome nokon veg i Det kvite hus.
- California er ein banebrytar når det gjeld å verne miljøet og klimaet, seier Steinmeier i eit intervju med den tyske avisa Die Welt.
Schwarzenegger har sett seg som mål at CO2-utsleppa skal bli redusert til 1990-nivå innan år 2020, og han har lansert 40 ulike strategiar for å nå målet.
- I miljø- og klimapolitikken går California inn for eit nært samarbeid med Europa, fortel Steinmeier.
Han vil mellom anna diskutere handel med CO2-kvotar over Atlanterhavet.
USA har ikkje slutta seg til Kyoto-avtalen som regulerer kjøp og sal av CO2-kvotar internasjonalt.
Les også:
Test også:
Les og høyr også om klimaverstingen Kina: