NRK Meny
Normal

Hellas og Kina plagar G7-ministrane

Sjølv om den greske krisa ikkje står på den offisielle agendaen på G7-møtet i Dresden, er den ikkje til å kome unna, i det mange fryktar at ein såkalla «Grexit»«» nærmar seg.

G7-luftbalongar i Dresden

G7-LUFTBALLONGAR: Ein kreativ protest frå organisasjonen ONE omkransar Frauenkirche-katedralen der møtet tok til.

Foto: Jens Meyer / Ap

Etter ein opningsseremoni i den gjenoppbygde Frauenkirche onsdag kveld, starta G7-landa møtet med tittelen «Towards a Dynamic Global Economy» i Dresden i dag.

Verten Wolfgang Schaeuble, finansminister i Tyskland som for augeblikket har presidentskapen i G7, tek imot kollegaer frå Storbritannia, Canada, Frankrike, Italia, Japan og USA. Her skal dei gjenskape global vekst og ta brodden av det dei ser på som Kinas forsøk i å forskyve den økonomiske makta austover, ifølge Business Insider.

Kina sitt inntog i Washington-sfæren

Denne gjer seg m.a. synleg med diskusjonane om å inkludere kinesiske yuan i IMF si valutakorg. Å inkludere Kina vil auke deira innverknad i Washington-institusjonen IMF, som har vore ein sentral utøvar av «mjuk makt» i 70 år. Tysdag vart det annonsert at den kinesiske valutaen ikkje lenger vert prisa for lågt, noko som også har ergra USA i lang tid.

USAs finansminister Jack Lew

AVVENTANDE: Jack Lew, finansminister i USA, er avventande til dei nye signala frå Kina.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

USA sin finansminister Jack Lew, er avventande til dei nye signala frå Kina.

Standarden må ta utgangspunkt i kva dei vil gjere når det er press på yuanen. Vil dei framleis avstå for innblanding av konkurransegrunnar? Og forpliktar dei seg verkeleg til å ha ei marknadsbestemt valutakurs? sa han på eit ope møte i Dresden arrangert av London School of Economics.

I tillegg uroar USA seg for at mange europeiske land, deriblant Noreg, har søkt om medlemskap ein ny kinesisk-leidd investeringsbank (AIIB), ein kinesisk parallell til Verdsbanken.

Hellas ikkje til å unngå

Tyskland insisterer på at møtet ikkje er det rette forumet for å diskutere Hellas, ettersom landet ikkje sjølv er representerte her.

Men med alle andre involverte til stades – Christine Lagarde frå det internasjonale pengefondet (IMF), presidenten for Eurogruppa, sjefen for den europeiske sentralbanken (ECB) og EU sin kommissær for økonomi – og det faktum at ein gresk utgang av euroen vil ha konsekvensar for resten av europas og verdas økonomi, kjem ein nok raskt inn på temaet.

Ifølge Business Insider vil USA nytte høvet til å legge press på sine europeiske partnarar

Hellas' Finansminister Yanis Varoufakis og innanriksminister Nikos Voutsis

KASSA ER TOM: Hellas sin finansminister Yanis Varoufakis og innanriksminister Nikos Voutsis seier at dei ikkje vil klare å betale IMF det dei skuldar innan 5.juni-

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

for å kome fram til ein avtale med Hellas. Hellas sin innanriksminister Nikos Voutsis sa i helga at statskassa er så bunnskrapa at landet ikkje vil greie IMF-innbetalinga med frist 5. juni, men torsdag snudde dei og seier at dei derimot skal klare å få i havn ein avtale innan søndag, melder AP.

– Utfordringa for europearane, for dei politiske og økonomiske institusjonane – IMF – er å vise nok fleksibilitet, sa Lew på LSE-møtet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt