Hopp til innhold

Hellas lovar nok pengar i minibankane

Den greske ambassaden i Noreg lovar at det vil bli nok pengar i minibankane både på fastlandet og på øyane, og at det ikkje bli problematisk å bruke korkje kredittkort eller debitkort for norske turistar i Hellas.

Minibankkø i Thessaloniki i Hellas.

Mange menneske i kø framfor ein minibank i storbyen Thessaloniki i dag.

Foto: Giannis Papanikos / Ap

I ei pressemelding frå ambassaden heiter det at dei ikkje ventar at turistar vil få problem under ferien sin i Hellas. Ved sidan av at minibankane har pengar, lovar dei også at det er nok drivstoff tilgjengeleg både på fastlandet og på dei greske øyane.

Det greske turistdepartementet seier i ei fråsegn at korkje dei turistane som er i Hellas i dag, eller dei som har planar om å reise dit, kjem til å merke noko til krisa som har oppstått i landet.

Dei restriksjonane som er innførte for kontantuttak for grekarar, gjeld ikkje for utanlandske kort.

– Sannsynleg med køar

Vennesland

Emma Elisabeth Vennesland ber folk passe svært godt på pengane sine, når dei reiser med store kontantsummar på seg.

Foto: Pressefoto

Det norske utanriksdepartementet seier på si side at det er sannsynleg at det vil vere køar framfor minibankane, og at det kan ta tid å få ut pengar dei komande dagane. Nordmenn som skal reise til Hellas blir oppmoda om å ta omsyn til dette i planlegginga si.

Økonomar har oppmoda nordmenn på veg til Hellas om å ta ut rikeleg euro her i landet og ta med seg. Men dette kan gjere nordmenn i Hellas til svært attraktive mål for lommetjuvar og andre med uærlege hensikter.

Forsikringsselskap: – Hellas er et eldorado for lommetyver

– Vi likar ikkje at folk reiser med store mengder kontantar. Men det blir desto viktigare at dei passar svært godt på pengane sine, seier assisterande informasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring, Emma Elisabeth Vennesland.

Vennesland minner om at forsikringa dekkjer berre maksimum 3000 kroner pr. person ved tap av kontantar, og maksimum 6000 kroner pr. familie. Det betyr, seier ho, at dei som tek ut store pengesummar før dei reiser til Hellas i stor grad risikerer å bli sjølvassurandør.

Norsk hotelleier på Kreta: – Grekerne frykter det verste

Frykter for pensjonen

– Pass godt på pengane

– Når folk reiser med store kontantsummar, så er det viktig å passe godt på pengane. Det er mange som veit at det er store mengder kontantar i omløp, slik at det er betydeleg større risiko for å oppleve tjuveri, seier ho til NRK.

Ho legg til at grekarane er kjende for å vere eit ærleg folkeferd, men at risikoen for å bli rana no er langt større enn normalt, også fordi det er veldig mange tilreisande.

– Europa-kontoret vårt på Kypros har fått signal om at det vil vere nok pengar i greske minibankar frå tysdag. Men vi veit ikkje kva som vil skje, det er svært spennande tider. Rådet mitt er at folk må vere svært forsiktige, seier Emma Elisabeth Vennesland.

Ambassadør Sjur Larsen.

– Ingen grunn til at ikkje nordmenn skal få ein fin ferie i Hellas, seier ambassadør i Aten, Sjur Larsen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Når ein først har reist med store kontantsummar, meiner ho det er viktig å plassere pengane i ein safe, helst i resepsjonsområdet. Så er det viktig å ikkje ta med seg meir pengar enn ein treng akkurat den dagen, altså å porsjonere kontantane utover ferieperioden.

Norske turister i Hellas: Vanskelig å betale med kort

Juncker: Jeg føler meg sveket av Hellas

Reportasje fra Reuters om turistindustrien i Hellas

VIDEO: Turistindustrien greier seg

– Vil få ein fin ferie

Den norske ambassadøren i Aten, Sjur Larsen, seier at ambassaden har fått mange telefonar frå urolege nordmenn, men at det ikkje er noko som tyder på at nordmenn ikkje vil få ein fin ferie i Hellas.

– Det er ganske nervøst her akkurat no, men eg trur folk vil få ein fin ferie på øyene. Eg trur mange vil ta med seg litt meir kontaktar enn dei hadde tenkt opphavleg. Vi oppmodar om å følgje med i lokale medium og på den norske ambassaden sine heimesider, som blir oppdaterte ofte, seier Larsen til NTB.

Han legg til at det viktigaste rådet er å ha ei god, fyldig og dekkjande reiseforsikring.

Nordmenns bilete frå Hellas

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt