NRK Meny
Normal

Hellas-kritikk gjer tysk finansminister historisk populær

Tyskland er den klart største kreditoren til Hellas, og den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble har vore knallhard i kritikken av den greske regjeringa. Det har gjort han svært populær i Tyskland.

Gresk valplakat.

Tysklands finansminister Wolfgang Schäuble blir brukt i den greske valkampen. Teksten på denne plakaten er: Denne mannen har drukke blodet ditt i fem år. Sei nei til han på søndag.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Hellas skuldar tyske bankar og finansinstitusjonar 85. milliardar euro, Finansminister Schäuble har skulda den greske statsministeren Alexis Tsipras om å kome med «falske skuldingar som ikkje er i nærleiken av realitetane».

LES OGSÅ: Dette skjer i Hellas ved ja eller nei søndag

Slik fordeler den greske gjelda seg:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Graf: Gresk lånkrise» i nytt vindu

Auka popularitet

Forbundskanslar Angela Merkel har vore meir forsiktig i sine fråsegner om Hellas, men ho har stilt seg bak finansministeren sin. Dette har gjort at dei to på heimebane no gjer det svært godt på meiningsmålingane.

72 prosent av dei spurde i ei fersk meiningsmåling meiner at Wolfgang Schäuble gjer ein god jobb, og han har aldri tidlegare vore så populær. Angela Merkel får 57 prosent på same målinga, og det er berre to prosent lågare enn hennar beste måling.

Tysklands finansminister Wolfgang Schäuble.

Mange i Hellas ser på Wolfgang Schäuble som syndebukken i det høge spelet om dei greske gjeldsforhandlingane.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

I målinga blir også tyskarane spurde om kven som har ansvaret for at gjeldsforhandlingane med Hellas har gått i stå, og då svarte 68 prosent at skulda ligg hos statsminister Alexis Tsipras og hans venstreorienterte regjering i Aten.

På spørsmål om Hellas bør ut av eurosona, svarte 45 prosent nei og 45 prosent ja. Tsipras og regjeringa hans har også fått hard medfart i tysk presse dei siste vekene.

LES OGSÅ: – Folkeavstemningen koster mellom 20 og 120 millioner euro

LES OGSÅ: Tsipras reknar med avtale tysdag

Den greske gjelda:

– Grådige tyskarar

I Hellas er det mange som meiner at Tyskland oppfører seg arrogant, og det er ei utbreidd haldning at det dei kallar grådige tyskarar har mykje av skulda for den vanskelege situasjonen landet har hamna i.

Ein valplakat for neisida viser tydeleg kva ein del meiner om den tyske finansministeren. Eit stort bilete av Schäuble har denne teksten: Denne mannen har drukke blodet ditt i fem år. Sei nei til han på søndag.

Jean-Claude Juncker

President i EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker åtvarar grekarane mot å røyste nei til kreditorane sine vilkår søndag.

Foto: Yves Logghe / Ap

Mange EU-leiarar har i dag kome med sterke oppmodingar til greske veljarar om å seie ja til kreditorane sine vilkår for å få til ein ny avtale, blant andre president Jean-Claude Juncker i EU-kommisjonen.

– Har ødelagt drakmepressene

– Har ødelagt drakmepressene

– Neppe forhandlingar ved nei

– Om fleirtalet røystar nei til folkerøystinga søndag, vil posisjonen til Hellas i gjeldsforhandlingane bli dramatisk svekte, sa han tidlegare i dag. Han sa at det blir vanskelege forhandlingar også om fleirtalet seier ja til kreditorane. Skulle det bli nei, ser ikkje Juncker lenger sjanse for vidare forhandlingar.

Eurokommissær Valdis Dombrovskis har tidlegare sagt at spørsmålet grekarane skal røyste over, korkje er reelt eller juridisk korrekt

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt