Hopp til innhold

Hellas kan få kriseregjering

Presidenten i Hellas har ikkje lukkast med å overtale dei tre største partia i landet til å danne regjering saman. Det kan derimot bli ei kriseregjering.

Evangelios Venizelos

NY KOALISJON: Leiaren i det sosialdemokratiske PASOK, Evangelos Venizelos, kan hamne i ein mellombels regjeringskoalisjon sidan samtalane mellom dei tre største partia ikkje vann fram.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

President Karolos Papoulia prøvde i dag å overtale høgrepartiet Nytt Demokrati, venstreradikale Syriza og sosialdemokratiske PASOK til å samarbeide for å redde landet sin plass i eurosona.

LES: Siste krampetrekning for regjering i Hellas

LES: Hellas framleis utan regjering

Sosialistleiar Evangelos Venizelos møter president Karolos Papoulias

KRISESAMTALAR: Sosialistleiar Evangelos Venizelos hadde i dag samtalar med president Karolos Papoulias i eit forsøk på å kome fram til ei løysing på ny regjering.

Foto: Aris Messinis / Ap

Etter møtet uttalte PASOK-leiar Evangelos Venizelos at samtalane ikkje førte fram, men meinte det framleis er ei lita moglegheit for å få til ei samlingsregjering.

Nekta å samarbeide

Høgreleiaren Antonis Samaras retta samtidig kritikk mot leiaren i Syrzia, Alexis Tsipras.

– Syriza avviser ikkje berre å godta opprettinga av ei levedyktig regjering, men vi heller ikkje gi parlamentarisk støtte til ei regjering som vil reforhandle vilkåra i

Alexis Tsipras

NEKTAR: Leiar av det radikale Venstre, Alexis Tsipras, nektar å inngå kompromissar over EU sine krisevilkår. No kan han bli ekskludert frå regjeringssamarbeidet.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

låneavtalen med EU, sa Samaras.

Samaras er leiar i det konservative partiet Nytt Demokrati, som fekk flest stemmer i valet for ei veke sidan. Syriza blei nummer to.

Nytt samarbeid

Leiaren i Syrozas sa på si side at Nytt Demokrati og PASOK hadde blitt einige med eit tredje og mindre parti om å danne ei kriseregjering som skal styre landet i to år.

Avtalen skal ha blitt inngått med Demokratiske venstre.

Fotis Kouvelis

NYKOMLING: Leiaren i Demokratiske venstre, Fotis Kouvelis, har lita tru på eit nytt regjeringssamarbeid, men er likevel ivrig etter å starte.

Foto: Dimitri Messinis / Ap

Demokratiske venstre er eit parti som ønskjer å halde på euroen, men som avviser låneavtalen som Hellas har inngått med EU, pengefondet IMF og Den europeiske sentralbanken.

Ifølgje Tsipras skal dei tre partia ha blitt einige om eit samarbeid over to år.

Lukkast ikkje

President Karolos Papoulias sitt forsøk på å danne ein koalisjon med dei tre

største partia enda dermed ikkje slik han hadde ønska etter første dagen med samtalar.

LES: Stranda regjeringsforsøk i Hellas

LES: Børsane rasar etter europeiske val

Det venstreradikale partiet Syriza har nekta å inngå kompromissar over vilkåra til EU, noko som framleis hindrar dei tre partia Nytt demokrati, PASOK og Syriza å bli einige.

Vil sette i gang, men har ikkje trua

Det nye partiet som er kome inn i biletet sa på førehand av samtalen med presidenten at dei straks vil vere i gang med å fjerne lovane som har ført til at minsteløna er redusert og tilsetjingsvernet er vekke.

Men han uttrykte sterk tvil om at ei ny regjering vil vere mogleg.

Eg har svært lite håp, sa leiaren av Demokratiske venstre, Fotis Kouvelis.

Fristen for å få til ei løysing går ut torsdag, og dersom president Papoulias ikkje lukkast, er det duka for nyval i midten av juni.

Då ligg det an til at Syriza får auka oppslutnad på kostnad av mindre parti som også er i mot dei omfattande budsjettkutta. Dette kan gjere partiet til landets største.

SISTE NYTT

Siste nytt