Det var søndag 14. august at det kypriotiske flyet styrta like utanfor den greske hovudstaden Aten. Flygarane har truleg falle i koma på grunn av oksygenmangel, og flyet gjekk på autopilot heilt til det krasja i eit uvegsamt område 40 kilometer nord for Aten.
Sjefen for etterforskinga, Akrivos Tsolakis, skriv i eit brev til transportminister Michalis Liapis at det er klare teikn på at det var problem med lufttrykket.
- Ein slik feil ville ha stor innverknad på den fysiske tilstanden til mannskap og passasjerar, heiter det i brevet.
Han seier også at det er slått heilt fast at årsaka til at flyet krasja til slutt, var at det ikkje var meir drivstoff.
Før flyet styrta hadde det floge fleire timar på autopilot.
Flyselskapet Helios har tidlegare sagt at flyet også tidlegare har hatt problem med trykket i kabinen.¨
121 menneske miste livet i flystyrten, mange av dei var born og unge på veg frå Laranaca på Kypros til Praha i Tsjekkia. Flyet skulle mellomlande i Aten då ulukka skjedde.