Amerikanske soldatar i Tikrit som Reuters har snakka med seier at helikopteret truleg vart skote ned av irakiske opprørarar. Ingen om bord i helikopteret skal ha overlevd. Dette er ikkje stadfesta av offisielle kjelder. Tikrit er fødebyen til Sadam Hussein, og er rekna for å vere eit av områda der han har sterkast støtte.
Ein amerikansk talsman seier at helikopteret var tvunge ned, "was forced down", men det er ikkje klart kva dette betyr. Ei talskvinne for den amerikanske hæren seier til Reuters at årsaka til helikopterstyrten er ukjend, og at etterforskinga ikkje er avlsutta.

Det var eit helikopter av denne typen som styrta i Tikrit i dag. (reuteres-foto)
Sist søndag vart eit amerikansk helikopter av typen Chinook skote ned vest for Bagdad, og 16 soldatar miste livet. Dette var det alvorlegaste slaget mot dei amerikanske styrkane i Irak sidan krigen starta i mars i år.
Tidlegare i dag vart ein amerikansk soldat drepen og seks andre skadde i eit angrep i Mosul nord i Irak, opplyser det amerikanske forsvaret. Ein amerikansk militærkolonne vart angripen med rakettar.