Helikopterranet i Stockholm i september i fjor vert omtalt som eit av dei mest spekulative rana i svensk historie.
Interessa var stor då rettssaka mot dei ti tiltalte i Stockholm tingrett starta i dag. Fem av dei ti er tiltalte for grovt ran, dei andre fem er tiltalt for medverknad til grovt ran.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Brukte helikopter
Ranet fekk merksemd langt utanfor Sveriges grenser på grunn av måten det blei utført på. Dei ti tiltalte mennene som i dag møter i retten, skal ha brukt eit helikopter då dei raida ein pengesentral i den svenske hovudstaden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Som teke ut frå ein film firte tre menn seg ned på taket av bygningen frå eit helikopter. Mindre enn 30 minutt seinare hadde helikopteret plukka opp både ranarane og ein stor sum pengar - 34 millionar norske kroner.
Lo og vinka
Saka har fått omfattande merksemd, både i Sverige og internasjonalt. Pressefolk og andre skuelystne strøymde i dag til tingretten i Stockholm for å få med seg innleiinga på rettssaka, melder NTB.
Ifølgje
lo og vinka dei tiltalte til sine pårørande då dei kom inn i rettssalen i dag tidleg. Ingen av dei ti har erkjent seg skuldige i ranet, men aktor sa i sin prosedyre i dag at DNA-spor frå to av mennene på åstaden.- SJÅ VIDEO: Her bryt tjuvane seg inn i G4S-sentralen
Traumatiserte ransoffer
I dag, første dagen i rettssaka, går aktor gjennom alle tiltalepunkt. Det er til saman 26 personar som skal vitne i saka. Desse er tilsette som var jobb på verdisentralen då ranarane slo til.
Fleire av vitna i saka har i forhøyr fortalt at dei er svært traumatiserte på grunn av det dei vart utsette for i september i fjor, skriv Aftonbladet.
– Heile bygget rista. Eg trudde det skulle rase ned, slik som World Trade Center, skal eitt av ransoffera ha sagt den morgonen ranet skjedde.
Millionfangst fordufta
Ein person er framleis etterlyst etter ranet. Det er også store delar av millionfangsten.
Ifølgje
er det ein viss frustrasjon å spore hjå påtalemyndigheitene, ettersom pengane ennå ikkje er funne.– Me har lukkast bra med tiltalen etter føresetnadene, men det er skuffande at
ranet var vellykka med tanke på at gjerningsmennene framleis har ransutbyte, seier aktor Leif Gorts til avisa.
– Godt planlagd kupp
Gorts skildrar ranet som eit ekstremt godt planlagd kupp.
– Ranet i seg sjølv er ikkje vanskeleg, men det er komplisert å utføre. Dette er eit veldig godt planlagd ran, og dei har vore forsiktige, seier han til den svenske avisa.
Dei ti tiltalte er alle menn mellom 23 og 38 år, og fleire av dei er tidlegare dømde for grove lovbrot. 31-åringen som er utpeika som leiaren av ranslaget, er tidlegare dømd for eit innbrot i Sveriges Nationalmuseum, skriv NTB.
Det er sett av 18 dagar til rettssaka i Stockholm tingrett.