NRK Meny
Normal

Held tett om norsk rolle i drapet på Gaddafi-son

Noreg har sleppt 266 bomber over Libya. Om det sat norske pilotar bak spakane under NATO-bombetoktet som drap den yngste sonen til Gaddafi, er uvisst.

F-16 på vei mot Libya

Dei seks norske F-16 jagarflya som deltek i Libya-operasjonen har vore svært aktive.

Foto: Lars Magne Hovtun / Forsvaret

Forsvarsminister Grete Faremo

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) vil ikkje uttala seg om kva for nokre oppdrag i Libya dei norske styrkane har delteke i.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) seier ho ikkje vil ikkje kommentera enkeltoppdrag.

– Eg held meg oppdatert om situasjonen i Libya heile tida, og har den oversikta eg treng, seier statsråden.

Om norske styrkar deltok i bombinga og det angivelege drapet på sonen til Gaddafi i Tripoli i natt, vil Faremo korkje avkrefta eller stadfesta.

– Eg stadfestar at me er med i ein operasjon autorisert av FN for å verna sivile i Libya. Det innebærer at me også er med på åtak mot strategisk viktige mål for å svekkja Gaddafi si militærmakt som han har brukt mot sitt eige folk.

Noreg med på 266 oppdrag

Totalt 18 land og 190 fly er med i Libya-krigen på dei internasjonale styrkane si side.

Ifølgje Faremo har NATO floge drøye 4000 oppdrag over Libya så langt. Av desse var 1750 åtak mot bakkemål, og Noreg har utført 266 av desse. Det er over 200 fleire enn i starten av april.

– Me har også sleppt 240 bomber mot legitime militære mål i Libya, opplyser ministeren.

Avviser kritikk

Talspersonen til regjeringa i Libya, Mussa Ibrahim, seier søndag at styresmaktene førdømmer NATO-åtaket på ein base i Tripoli natt til søndag, og kallar det ei krigsforbryting.

Regimet meiner dei sivile tapa er eit prov på at dei internasjonale styrkane ikkje opererer i tråd med FN-mandatet om militær intervensjon for å beskytta sivilbefolkninga.

Forsvarsminister Faremo avviser kritikken.

– Det er sjølvsagt militære legitime mål som er grunnlaget for operasjonen. Alliansen går etter strategisk viktige mål i Libya, som til dømes kommando- og kontrollsenter. Vårt mål er å verna dei sivilie.

Er det ikkje då eit legitimt mål å ta livet av Gaddafi, som er skuld i at libyske borgarar lir?

– Målet er ikkje å gå etter Gaddafi. Det har både eg og generalsekretæren i FN understreka mange gonger allereide, påpeikar Faremo.

– Nøyaktige norske pilotar

Ifølgje Faremo er den norske regjeringa svært opptekne av å skilja mellom sivile og militære mål i krigføringa i Libya.

– Mange land samarbeider om kvart mål. Me kan vera stolte over at me har både pilotar og anna mannskap som er i verdsklasse og som løyser oppgåvene sine på ein beundringsverdig måte.

– For oss viktig gjera alt me kan for å unnga at sivile liv går tapt, men ingen har lagt skjul på at dette er eit skarpt oppdrag, legg forsvarsministeren til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt