Hopp til innhold

Hektisk diplomati om Libanon

Den tyske utanriksministeren seier det er oppnådd semje i FN om ein Libanon-resolusjon.

Walter Steinmeiner er tysk utanriksminister
Foto: Yves Logghe / Scanpix/AP

Utanriksminister Frank-Walter Steinmeier sa dette før han reiste til Midtausten i dag tidleg. Han gav ingen detaljar, men sa at han venta ei avrøysting i Tryggingsrådet i løpet av denne veka.

Samstundes seier Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin at landet ikkje kan støtte ein resolusjon som ikkje blir støtta av Libanon.

Også den franske utanriksministeren Philippe Douste-Blazy seier at det er heilt nødvendig å ta med det libanesiske tilbodet om å utplassere 15.000 soldatar i Sør-Libanon, med i diskusjonane i Tryggingsrådet om ein resolusjon.

Han gir ros til den libanesiske regjeringa for det han kallar eit viktig bidrag for å få til ei løysing på krisa.

Israels statsminister Ehud Olmert
Foto: David Solverman / Scanpix/AP

- Ein resolusjon som ikkje er brukbar for Libanon bør ikkje bli vedteken, for dette vil berre føre til at konflikten og valden vil halde fram, sa han til nyheitskanalen Vesti-24.

Vil erstatte Hizbollah

Libanon har tilbode seg å utplassere 15.000 soldatar i Sør-Libanon dersom Israel trekkjer styrkane sine tilbake. Det har fått fram av det libanesiske forslaget at desse soldatane skal erstatte Hizbollah-geriljaen i dette området.

I føremiddag seier Israels statsminister Ehud Olmert at det libanesiske forslaget er "eit interessant steg".

- Vi må studere dette forslaget nøye, og sjå om det er praktisk gjennomførleg, og i tilfelle kva tidsramme som skal gjelde, sa Olmert på ein pressekonferanse i Jerusalem i føremiddag.

Olmert sa også at det israelske tryggingskabinettet i morgon skal diskutere ei eventuell opptrapping av krigen i Libanon.

Han gjentok at Isarael ikkje har til hensikt å okkupere Libanon. - TIl før vi kjem oss ut, til betre er det. Men det som er viktig for Israel er å hindre rakettangrep, og å få Hizbollah ut av området.

Må ta omsyn til Libanon

Storbritannias statsminister Tony Blair håpar at ein resolsusjon kan bli vedteken i løpet av morgondagen, og at det er naudsynt å ta omsyn til synspunkta til Libanon og andre arabarstatar.

Ein delegasjon frå Den arabiske liga er venta til New York i løpet av dagen. Dei vil leggje fram organisasjonen sitt syn, som støttar det libanesiske kravet om at dei israelske styrkane skal trekkjast ut av Libanon straks.

Både USA og Frankrike har sagt at dei ikkje vil leggje fram eit endeleg forslag til resolusjon i Tryggingsrådet før utsendingane frå Den arabiske liga hadde presentert synspunkta sine.

SISTE NYTT

Siste nytt