I natt er det nominasjonsval i Florida, Ohio, Illinois, North Carolina og Missouri for både Det republikanske partiet og Det demokratiske partiet. I Det republikanske partiet vinn kandidatane med flest røyster alle delegatane frå delstatane Ohio og Florida.
Dersom Donald Trump går av med sigeren begge stader, er det sannsynleg at milliardæren og eigedomsmagnaten nærmast er sikker på å bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.
Trump i tet i Florida
Trump leier klart på målingane i Florida, og han har derfor konsentrert valkampen om Ohio. Her får han sterkast konkurranse av guvernøren i delstaten, John Kasich. Ifølgje dei siste meiningsmålingane har Kasich ei knapp leiing på Trump her.
Å tape heimstaten Florida vil vere eit stort nederlag for Marc Rubio, som tidleg i valkampen var storfavoritt til å vinne den republikanske nominasjonskampen. Resultatet i natt kan gi han bli audmjukande for han, og det vil truleg bety at han vil trekkje seg frå kampen.
Sjølv dei ivrigaste tilhengjarane hans er i ferd med å misse håpet, men som ei av dei , Miriam Guera, seier:
– Vi kan ikkje gi opp håpet, det er det siste vi har.
Latino-kandidat
44-åringen er senator for Florida, og foreldra hans er kubanske innvandrarar. Han hår satsa på å vinne veljarar blant latinamerikanarar (latinos) i USA. Elles er han tilhengjar av at USA skal styrkje det militære engasjementet sitt internasjonalt.
Det kan gå same vegen med John Kasich i Ohio. Eit nederlag her vil mest sannsynleg føre til at han trekkjer seg, medan ein siger
.Før vala som blir avgjorde i natt, er dette stillinga i kampen om å bli republikansk presidentkandidat:
Donald Trump har sikra seg 469 delegatar, Cruz har 370 delegatar, Marco Rubio har 163 og John Kasich har 63. For å bli presidentkandidat må ein ha støtte frå 1237 delegatar.
Handlekraft
Donald Trump har fått massiv
, blant anna på grunn av språkbruken, utan at det ser ut til å skremme støttespelarane hans. Tvert i mot synest mange å meine at det er på tide at USA får ein president som torer å kalle ein spade for ein spade.Mange av veljarane hans er ofte arbeidsledige eller har dårleg betalte jobbar. Dei ser på Trump som ein mann som har greidd å sikre sin eigen økonomi, og håpar at han også skal få fart på den amerikanske økonomien. Mange ser på 69-åringen frå New York som ein mann med den handlekrafta som skal til for å få USA tilbake til det landet ein gong var.