NRK Meny
Normal

Heile Venezia under vatn

Det er normalt mykje vatn i den italienske byen Venezia, men måndag gjekk det over alle støvleskaft.

Venezia

To turistar på veg over Markusplassen i Venezia.

Foto: ANDREA PATTARO / AFP

Video nsps_upload_2008_12_1_18_48_1_2410.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Vasstanden på den vidgjetne Markusplassen var på det verste over 80 centimeter over gatenivå.

Vatnet stod over ein og ein halv meter over normal vasstand i renessansebyen med dei mange kanalane, og verre har det ikkje vore sidan 1986.

Berre tre gonger tidlegare har det vore så høg flo i turistperla ved Adriatarhavet.

Markusplassen i Venezia under vatn.

Markusplassen i Venezia under vatn.

Foto: ANDREA PATTARO / AFP

Verst var det i 1966, då 5000 menneske vart heimlause etter at tidevatnet hadde øydelagd husa dei budde i.

Italienske styresmakter lovde i dag å løyve meir pengar til arbeide med å byggje eit skikkeleg flaumvern for den utsette byen. Regjeringa vil bidra med 6,5 milliardar kroner til flaumvernet, som etter planen skal vere ferdig i 2012 eller 2013.

Den samla prislappen på prosjektet blir rundt 33 milliardar kroner.

Det som ikkje var sikra flaut rundt i gatene.

Eit merkeleg gatebilete, sjølv i kanalbyen Venezia.

Foto: ANDREA PATTARO / AFP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt