NRK Meny
Normal

Heftig ordkrig mellom Erdogan og Putin

Russlands president Vladimir Putin krev ei orsaking frå Tyrkia etter nedskytinga av eit russisk bombefly. Hans tyrkiske kollega Recep Tayyip Erdogan nektar og seier det er Russland som må beklage.

Erdogan og Putin (biletmotasje).

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan (t.v.) og hans russiske kollega Vladimir Putin skuldar på kvarandre.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

– Tyrkia kjem ikkje til å orsake noko so helst overfor Russland. Det er Russland som må beklage at dei har krenkt tyrkisk luftrom, seier Erdogan. Ifølgje den russiske nettstaden Russia Today seier Erdogan at Tyrkia vil halde fram med å skyte ned fly som krenkjer tyrkisk luftrom.

– Om det skjer nye krenkingar av luftrommet vårt, så kan vi svare på same måten. Nedskytinga av det russiske flyet var i tråd med stridsregeleverket vårt, som vi har annonsert tidlegare, seier Erdogan ifølgje Russia Times .

Samstundes seier russisk UD at dei har stansa alt samarbeid med det tyrkiske militæret, inkludert ein direktetelefon som vart oppretta for å informere om russiske flyangrep i Syria.

To ulike versjonar

Russisk fly skutt ned

Det russiske bombeflyet vart skote ned i grenseområdet mellom Tyrkia og Syria sist tysdag.

Foto: HABERTURK TV CHANNEL / Epa

Det var tysdag denne veka at eit tyrkisk F15 jagarfly skaut ned eit russisk bombefly av typen SU-24. Ankara hevdar at det russiske flyet var inne i tyrkiske luftrom i 17 sekund før nedskytinga, medan Moskva på si side nektar for at flyet var inne på tyrkisk område.

Tyrkiske styresmakter seier også at dei fleire gonger åtvara dei russiske pilotane om å fjerne seg frå tyrkisk luftrom, men at dei ikkje reagerte. Den russiske piloten som overlevde angrepet nektar både for å ha vore inne i tyrkisk luftrom og at dei fekk åtvaringar frå tyrkisk side før nedskytinga.

Dei to russiske pilotane skaut seg ut i fallskjerm, og den eine av dei vart truleg skoten og drepen av ei turkmensk opprørsgruppe som opererer i området. Den andre greidde å kome seg unna og vart berga av syriske regjeringsstyrkar. Han er no på den russiske flybasen i Latakia-provinsen i Syria.

– Reis heim frå Tyrkia

I dag sende det russiske utanriksdepartementet ut ei offisiell melding der dei ber alle russiske borgarar som oppheld seg i Tyrkia om å kome seg heim så fort som mogleg.

– I samband med dei eksisterande terrortruslane på tyrkisk territorium, ber vi igjen russiske borgarar om å halde seg unna Tyrkia. Vi oppmodar alle russarar som er i Tyrkia av personlege årsaker om å reise heim, heiter det i fråsegna frå russisk UD.

Erdogan og Putin i Antalya 15. november 2015.

Det var ein langt meir gemyttleg tone mellom Erdogan og Putin då dei møtte kvarandre under G20-møtet i Antalya 15. november.

Foto: CEM OKSUZ / Afp

Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglu kom i dag med kraftig kritikk av dei russiske flyangrepa mot Bayirbucak i Syria, som han seier rettar seg mot sivile og ikkje terroristar.

– Det er ingen terroristar der. Angrepa mot Bayirbucak kan ikkje rettferdiggjerast ut frå krigen mot IS, sa ein krass Davutoglu tidlegare i dag.

Putin: - Farleg for russarar i Tyrkia

Russland: – Samarbeid med Tyrkia kan bli skrota

Truar med sanksjonar

Russiske styresmakter har gjentekne gonger skulda Tyrkia for å støtte terrorgrupper i Syria. Russland har også trua med å innføre økonomiske sanksjonar mot Tyrkia, og statsminister Dimitrij Medvedev har bede regjeringa om å utarbeide moglege tiltak. Dei skal rettast mot den økonomiske og humanitære sfæren, seier Medvedev.

Russland vil straffe Tyrkia

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt