Hopp til innhold

Havskjelpadder redda frå sprengkulda i Texas

Det kalde vintervêret i Texas har skapt problem for dyrelivet i delstaten. Tusenvis av nedkjølte havskjelpadder er dei siste dagane redda av frivillige.

Det kalde vinterværet i Texas har skapt problemer for dyrelivet i delstaten. Tusenvis av nedkjølte havskilpadder har de siste dagene blitt redda av frivillige.

Det kalde vinterværet i Texas har skapt problemer for dyrelivet i delstaten. Tusenvis av nedkjølte havskilpadder har de siste dagene blitt redda av frivillige.

Sørstatane i USA har vore ramma av eit uvanleg kaldt vintervêr dei siste dagane. Det har skapt problem for både menneske og dyr.

Delstaten Texas er ein av delstatane som er hardast ramma.

Dei siste dagane har kulda ført til at tusenvis av havskjelpadder har blitt skylt i land på strendene på sørkysten av Texas.

Frivillige har teke med seg rundt 4700 av dei til eit konferansesenter, der dei blir teke vare på i kar og innhegningar til dei kan sleppast ut når vatnet blir varmare igjen.

Frivillige henter forfrosne havskilpadder i Texas.

Dei frivillige tok i bruk eigne bilar for å få frakta dei forfrosne dyra til konferansesenteret.

Foto: ED CAUM-CITY OF SOUTH PADRE ISL / Reuters

Uvanleg mange

Den administrerande direktøren for konferansesenteret, Ed Caum, seier til nyheitsbyrået Reuters at skjelpaddene hadde kuldesjokk då dei kom inn.

– Vi tok dei med hit for at dei skal få opp kroppstemperaturen igjen.

Normalt blir 100–500 skjelpadder skylt opp på strendene i Sør-Texas kvar vinter. Det høge talet på skjelpadder i år overraskar Wendy Knight som leiar forskings- og konserveringssenteret Sea Turtle.

– Dette er ei eineståande hending, seier ho til Reuters.

Senteret har styrka bemanninga for å hjelpe til med å ta vare på dei frosne skjelpaddene.

Skilpadder i Texas

Havskjelpaddene skal bu i baljar og innhegningar på eit konferansesenter i Sør-Texas til sjøen blir varmare igjen.

Foto: Miguel Roberts / AP

Evakuerte dyrehage

Kulden har ført til at straumselskapa har kutta straumen til fleire millionar amerikanarar for å hindre overbelastning på nettet. Det har skapt problem for blant andre ein dyrehage i San Antonio.

Dei tok i bruk blant anna straumaggregat, omnar og teppe for at dyra skulle halde varmen. Då temperaturen sank ytterlegare på natta, måtte dei evakuere nokre dyra til andre dyrehagar og heimar til frivillige.

Les: Nordmenn i ekstremvær i USA: – Vi har vært uten strøm i 44 timer

Då fann dei fleire døde dyr på området.

– Eg har fått spørsmål om kor mange dyr som er døde, men det veit eg ikkje. Eg veit at vi har mista mange aper, lemurar og tropiske fuglar, seier direktør Brooke Chavez til San Antonio Express.

Kor mange dyr som har døydd, veit dei ikkje før temperaturane stig igjen.

Matmangel og vassproblem

Straumbrotet har også ført til at mange i Texas må koke drikkevatnet sitt. Blant dei er innbyggarane i delstatshovudstaden Austin, der byens største reinseanlegg har mista straumen.

Og no har sprengkulda også ført til at butikkhyllene er i ferd med å gå tomme for mat. Forsyningslinjene for mat er ramma, og folk er i ferd med å bruke opp naudlagera dei har av mat.

Matkø i Texas

Det er lange køar utanfor matbutikkane. Men inne er mange av hyllene tomme på grunn av hamstring og manglande leveringar.

Foto: THOMAS SHEA / AFP

Den tidlegare demokratiske presidentkandidaten frå Texas, Beto O'Rourke, seier til MSNBC at situasjonen er alvorleg.

– Folk har gått i fleire dagar utan straum. Dei lid. Mykje av dette kunne ha vore unngått. Energihovudstaden i Nord-Amerika klarer ikkje å gi straum slik at folk kan halde seg varme. Vi nærmar oss å vere ein mislykka delstat, seier han.

Møbelbutikk har blitt varmestove i Texas

Ein møbelbutikk har opna dørene slik at folk kan kvile og varme seg litt i kulda.

Foto: GO NAKAMURA / Reuters

Hittil har sprengkulda i sørstatane teke minst 25 liv. Nokre av dei har mista livet i bilulukker på grunn av glatte vegar, medan andre har døydd av kolosforgifting etter å ha prøvd å halde varmen ved hjelp av bilar på tomgang, gasskomfyrar og omnar.

SISTE NYTT

Siste nytt