Hopp til innhold

Zelenskyj: – Fleire hundre tusen utan drikkevatn

Den ukrainske presidenten seier onsdag at mange bebuarar i området har mista tilgangen på reint vatn etter at Kakhovka-demninga bresta.

APTOPIX Russia Ukraine War

STORE VASSMENGDER: Også i byen Kherson er mange råka av flaumane.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

– Øydelegginga av eitt av dei største vassmagasina i Ukraina er absolutt medviten, seier Volodymyr Zelenskyj vidare i eit utsegn på telegram.

Store vassmengder har fossa ut gjennom Kakhovka-demninga sidan den bresta natt til tysdag.

Dei regionale styresmaktene i den okkuperte delen av Kherson-regionen har også erklært naudtilstand som følge av flaumane, melder russiske statlege medium.

Onsdag melder guvernøren at delar av dei russiske minefelta i området er overfløymde.

-
-

Kakhovka-demninga før og etter brotet natt til 6. juni.

Ein toppleiar i byen Nova Kakhovka, som er under russisk kontroll, seier at 100 menneske sit fast der og treng hjelp med evakuering.

17.000 menneske skal ha blitt evakuerte frå områda som ligg nedstraums frå demninga. 24 landsbyar skal vere råka.

– Fleire enn 40.000 menneske står i fare for å bli råka av flaum, seier ukrainsk aktor Andriy Kostin til byrået AF.

Han legg til at det framleis står att å evakuere fleire titusen ukrainarar som held til på den russisk-okkuperte sida av elva.

Opplysingane er ikkje bekrefta frå uavhengig hald.

-
-

Slik har elvebreidda ved Novo Kakhovka endra seg som følge av brotet.

Ukraina og Russland ser svært ulikt på kva som førte til at demninga kollapsa.

Ukrainske styresmakter hevdar russarar har sprengt ho frå innsida, medan Russland har skulda Ukraina for å ha sprengt demninga med ein rakettoppskytar.

Melder om skyting i Kherson

Guvernøren i Kherson-regionen, der demninga ligg, melder om skyting fleire stader i det overfløymde området det siste døgnet.

Blant desse skal vere byen Kherson, seier Oleksandr Produkin vidare i meldingsappen Telegram, utan å tilføre nokon ytterlegare detaljar.

Opplysingane har ikkje blitt verifiserte frå uavhengig hald.

Evacuation from a flooded area after the Nova Kakhovka dam breached, in Kherson

Innbyggarar blir evakuerte frå eit overfløymd område. Ukrainsk presidentrådgivar Oleksij Kuleba seier arbeidet framleis går føre seg.

Foto: STRINGER / Reuters

Det ukrainske militæret seier at bresten ikkje kjem til å hindre den ukrainske offensiven, sjølv i områda der vasstanden har stige.

Demninga Kakhovka inneheldt drygt 18 kubikk-kilometer med vatn. Det er ein tredel av mengda ein finn i Mjøsa, og nok til å forsyna heile det norske folk 50 år framover i tid.

Ho er 3.2 kilometer lang og 30 meter høg, og demmer opp Kakhovka-vassmagasinet.

Les også: Demning brast i Ukraina

Khakovka
Khakovka

FN kalla inn til hastemøte

FN sitt tryggingsråd sat i eit hastemøte for å diskutera den alvorlege situasjonen etter demningskollapsen i Ukraina natt til tysdag. Møtet starta kl. 22 norsk tid.

USA sin viseambassadør til FN, Robert Wood, seier at dei ikkje er sikre på kven som står bak demningsbresten.

– Men det gir ikkje meining at Ukraina skal gjera noko slikt mot sitt eige folk, og på sitt eige territorium, sa han på veg inn til møtet.

Statsminister Rishi Sunak sa at dersom bresten viste seg å vere ei medviten handling, ville dette vere «eit nytt lågpunkt» for Russland, meldte BBC medan møtet gjekk føre seg.

Russland sin FN-ambassadør, Vasilij Nebenzia, hevdar demningsbresten er resultat av ein sabotasjeaksjon, og kallar denne aksjonen eit «krigsbrotsverk».

FNs sikkerhetsråd

FN sitt tryggingsråd diskuterte tysdag demningskollapsen i Ukraina.

Foto: AP

Hevdar landbruksområde kan bli til ørken

Endringane i vasstand og vassløpet etter kollapsen kan skape store problem for landbruket ved demninga, meiner det ukrainske landbruksdepartementet.

I første rekke ventar dei at flaumar vil dekke 10.000 hektar med jordbruksland på den ukrainsk-kontrollerte breidda av Dnipro.

Desse vil i tillegg få store konsekvensar for vatningskanalane som har blitt brukt av bøndene i det store området.

Russia Ukraine War Grain

Ved hjelp av Svartehavsavtalen har Ukraina eksportert korn til store delar av verda. Dronebiletet viser ein gard i Kherson-regionen i april 2023.

Foto: Bernat Armangue / AP

– Den menneskeskapte katastrofen vil forstyrre vassforsyninga til 31 irrigasjonssystem i Dnipropetrovsk, Kherson og Zaporizjzja-fylka.

– Øydelegginga av Kakhovka-vasskraftverket vil føre til at landbruksområde i det sørlege Ukraina kan bli til ørken så tidleg som neste år, heiter det i utsegna.

I tillegg ventar ein at drikkevatnet i området, og fiskeriet, vil bli påverka.

SISTE NYTT

Siste nytt