Harry og Meghan viste fram vesle Archie til pressa og oldemor

Onsdag viste prins Harry og Meghan for første gong fram guten dei fekk måndag. Han får namnet Archie Harrison Mountbatten-Windsor

Prince Harry and Meghan introduce their baby son

Dronning Elizabeth og prins Philip fekk møte oldebarnet Archie saman med mormor Doria Ragland

Foto: Pool / Reuters

Måndag morgon blei prins Harry og Meghan foreldre for første gong. Og onsdag viste dei stolte foreldra fram vesle Archie til pressa i Windsor slott. Der fortalde dei også litt om dei første dagane med ein nyfødd i huset.

– Det er magisk og heilt fantastisk. Eg har dei to beste mennene i verda rundt meg no, så eg er veldig glad, sa hertuginne Meghan.

Hertugen og hertuginnen av Sussex møtte pressen etter familieforøkelsen.

Hertugen og hertuginna av Sussex møtte pressen etter familieauken.

Onsdag kveld gjekk paret ut med namnet på sonen, som det har vore knytta stor spenning til.

Skal møte familien

Ho fekk også spørsmål om lynnet til sonen.

– Han har eit veldig fint temperament. Han er roleg og er som ein draum. Det har vore eit par veldig spesielle dagar.

Dei nybakte foreldra fekk også spørsmål om kven guten liknar mest på. Det meinte prins Harry det var vanskeleg å svare på.

Prins Harry og Meghan viser fram sønn

Nærbilde av prinsen, som er nummer sju i arverekkefølga til den britiske trona. Onsdag fekk også dronning Elizabeth møte oldebarnet for første gong.

Foto: DOMINIC LIPINSKI / AFP

– Dei seier han kjem til å forandre seg mykje dei neste par vekene, og vi ser endringar kvar dag som går, så det er vanskeleg å seie kven han kjem til å likne mest på. Vi får sjå kva tida viser.

Onsdag skal vesle Archie også introduserast til resten av den britiske kongefamilien. Både prins Charles og dronning Elizabeth skal møte barnebarnet og oldebarnet. I tillegg er mora til hertuginne Meghan komen til England for å helse på.

– Det er fint å få introdusere guten til fleire i familien, sa hertuginna på pressemøtet.

Meghan og Harry viser fram sønnen

Prins Harry og hertuginne Meghan viste fram den nyfødde prinsen for pressa i Windsor slott onsdag. Prinsen har førebels ikkje fått noko namn, men spekulasjonane er i full gang på Dei britiske øyene.

Foto: DOMINIC LIPINSKI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt