Meir enn 40 menneske blei drepne i fleire eksplosjonar vest i Kabul torsdag. Ei gruppe som hevdar å vere tilknytt IS har tatt på seg skulda for angrepet. Sjiamuslimske område har vore mål for mange angrep dei siste månadene.
– Vi ser akkurat det same som vi såg i Irak og i Syria, at IS heilt systematisk rettar angrepa inn mot sjiamuslimar. Dei ser jo ideologisk sett ikkje på sjiamuslimar som muslimar i det heile, dei blir rekna som fråfalne, seier Kristian Berg Harpviken.
- Les også:
I juli 2016 blei minst 80 menneske drepne og meir enn 200 såra i eit sjølvmordsangrep mot ein stor sjiamuslimsk demonstrasjon i Kabul. I oktober i år blei 71 menneske drepne i eit angrep på ein moske i ein annan sjiamuslimsk bydel. IS tok på seg skulda også for dette angrepet.
Ein mann flyktar etter eksplosjonen vest i Kabul torsdag.
Foto: Shah Marai / AFP– Symbolsk viktig angrep
– Ikkje berre skjer dette angrepet no, på eit sjiamuslimsk kultursenter, det skjer også i det som er ein nokså rein sjiamuslimsk bydel i Kabul, seier Harpviken.
– Angrepet er derfor symbolsk svært viktig. Det er heilt opplagt ikkje tilfeldig at det skjedde akkurat her, seier han.
- Les også:
– IS møter mykje motstand i andre land. Kva spelerom har organisasjonen i Afghanistan?
– Spelerommet ha vore avgrensa, og det er blitt endå meir avgrensa i den seinare tid. Det har vore gjennomført svært sterke angrep mot IS både frå den internasjonale alliansen, frå dei afghanske regjeringsstyrkane og frå Taliban, som jo ønskjer å ha opprøret i Afghanistan som sitt domene. Så her er det mange motstandarar, seier Harpviken.
Afghanske tryggingsstyrkar tok kontroll over området der eksplosjonane fann stad.
Foto: Rahmat Gul / AP– IS har klort seg fast
– IS har greidd å klore seg fast i nokre område, ikkje minst i det austlege Afghanistan, og dei IS-angrepa vi har sett dei siste månadene, kjem nettopp frå IS-grupperinga der, seier han.
– IS er under kraftig press i Syria og Irak. Kva fører det til?
– Vi ser eit IS som prøver å vende merksemda mot andre delar av verda. Vi har sett fleire angrep i Aust-Afrika, ikkje minst i Somalia, og det er lett å tenkje seg at det som skjer Afghanistan er ein del av det same mønsteret. Vi veit at desse relativt små IS-grupperingane i Afghanistan står i kontakt med den sentrale IS-leiinga. Det å spreie opprøret til andre delar av verda, kan vere ein måte å vise styrke på, seier Harpviken.