Hopp til innhold

Minst 238 drepne på to veker i middelhavsby

Dei siste to vekene er minst 238 personar drepne i Benghazi i Libya. I dag vart eit skip som var stasjonert i hamnebyen treft. Libya er eit land i total oppløysing etter fleire år med krig.

Harde kampar i Benghazi, Libya.

Sjå unike videoar av soldatar frå den libyske hær som kjempar harde kampar i mot islamistiske grupper i Benghazi denne veka.

LIBYA-CONFLICT

Libyske soldatar, som støttar den internasjonalt anerkjente regjeringa, tek seg ein pust i bakken. Biletet er frå Benghazi denne veka, der det går føre seg harde kampar.

Foto: MOHAMED EL-SHEIKHI / Afp
LIBYA-CONFLICT

Minst 238 personar har mista liva etter harde kampar i hamnebyen Benghazi dei to siste vekene.

Foto: MOHAMED EL-SHEIKHI / Afp

Det kom til harde kampar då den libyske hær gjekk til angrep på islamistiske grupper som styrer i Benghazi. Angrepa oppstod nær byens hamn, og eit libysk marinefartøy skal ha blitt treft i kampar der både fly og tanks vart brukte.

Ei kjelde skal ha sagt til nyheitsbyrået Reuters at skipet sank på grunn av angrepet, men desse opplysingane er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Det er islamistiske grupper som styrer i Benghazi. Ei av dei mest markante islamistgruppene er styrt av Omar al-Hasi, og har peika ut si eiga libyske regjering. Men det er regjeringa til Abdullah al-Thinni, som har hovudsete i den vesle byen Tobruk, som er anerkjent av det internasjonale samfunn.

Og no rasar kampane mellom dei to gruppene, samt fleire andre militante grupper, om makta og oljeressursane i landet. Berre i Benghazi er 238 menneske drepne dei to siste vekene.

For det er no to veker sidan spesialstyrkar frå den libyske hær starta ein offensiv mot militante islamistar i Benghazi. Fleire har flykta frå byen, og eit sjukehus driven av Raude Halvmåne har evakuert fleire sjuke personar.

Benghazi er ei viktig hamn for det oljeproduserande landet, og det er også her mykje av dei importerte varene, som mat og drivstoff kjem inn i landet.

FN har forsøkt å få til forhandlingar mellom dei to regjeringane, slik at det kanskje kan bli skapt eit grunnlag for samarbeid. Men førebels har ikkje FN si utsending klart å få til noko gjennombrot i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt