KFOR-styrken i Makedonia har auka beredskapen på grunn av kampane.
Georgievski seier at styrkane nyttar både stridsvogner, tungt artilleri og granatkastarar i kampane mot dei etnisk albanske geriljasoldatane. Han skuldar samstundes NATO-landa for ikkje å gjere nok for å hindre geriljasoldatane kome over grensa frå Kosovo.
To frontar
Det er harde kampar både ved den nest største byen i Makedonia, Tetovo, og lenger nord på grensa mot Kosovo, i nærleiken av Tanusevci, ein by som geriljaen erobra, men seinare måtte trekkje seg ut av.
Tidlegare i dag innkalla det makedonske forsvaret reservesoldatar i hovudstaden Skopje for å styrkje infanteriet sin kamp mot geriljaen. Ein talsmann for hæren seier at dei har sett i gang ein kraftig offensiv mot geriljaen.
Dei norske KFOR-soldatane i grenseområdet har meldt om kraftig skyting sør for deira posisjon, nær landsbyane Mahala, Durska Mahala og Lukar Mahala, opplyser den britiske KFOR-majoren Alex Wilson til AFP.
Vil forhandle
Ein repersentant for geriljaen som kjempar mot makedonske soldatar i utkanten av den nest største byen i landet, Tetovo, seier at dei ikkje kjem til å prøve å erobre byen. Målet er å tvinge styresmaktene til forhandlingar. Regjeringa i Makedonia har på si side sagt at det ikkje blir snakk om å forhandle med det dei kallar terroristar.
Frå klokka 19 i kveld til klokka 06 i morgon tidleg er det innført portforbod i Tetovo, der det har vore harde kampar i fem dagar. Portforbodet skal verne liv og eigedom, heiter det i ei fråsegn frå innanriksdepartementet. Folk har lov til å forlate husa sine berre ved akutt behov for medisinsk hjelp.
Tidlegare i dag var det store demonstrasjonar i hovudstaden Skopje, der regjeringa vart skulda for å ta for lett på den albanske geriljaen.
Det er frykt for at offensiven til geriljaen kan skjerpe motsetnadene mellom det slaviske fleritalet og det makedonske mindretalet i Makedonia. Før helga demonstrerte fleire tusen albanarar til støtte for geriljaen i Tetovo.