Hopp til innhold

Harde angrep på Tripoli i natt

Det var i natt nye, kraftige NATO-angrep mot den libyske hovudstaden Tripoli. Libyske styresmakter seier at både sivile og militære mål er ramma.

Nye harde angrep mot Tripoli.

Det var i natt nye, harde NATO-angrep mot den libyske hovudstaden Tripoli.

Foto: Tara Todras-Whitehill / Ap

Det vart høyrt minst 13 kraftige eksplosjonar rundt klokka eitt i natt. Det statlege fjernsynet melder at «dei kolonistiske korsfararane», som NATO ofte blir kalla av libyske styresmakter, hadde bomba militære og sivile mål i dei austlege forstadene.

Libyas leder Muammar Gaddafi

Muammar al-Gaddafi gjentok i går at han aldri vil reise frå Libya.

Foto: Pool / Scanpix/Reuters

Det llibyske forsvaret skal ha stadfesta overfor fjernsynsstasjonen at det er drepne eller skadde, men ville ikkje oppgi noko tal.

Nektar å gi seg

I går kveld gjentok den libyske leiaren Muamar al-Gadaffi at han ikkje har tenkt å gi etter for NATOs krav om at han må trekkje seg .

- Dei ber meg om å reise. Det er ein vits. Eg vil aldri reise frå landet til forfedrane mine, og frå folket som ofra så mykje for meg, sa han i ein tale som vart overført til tilhengjarar i Zawiyah, rundt 50 kilometer vest for Tripoli.

Så tok han opp igjen at han er viljug til å ofre livet sitt for det libyske folket.

- Eg vil aldri reise frå dette landet, der forgjengarane mine har ofra blodet sitt i kampen mot italienske og britiske kolonistar.

- Levande skjold

Om dei opprørshaldne byane Benghazi og Misrata sa han blant anna dette:

- Desse rottene har teke folket vårt som gislar i Benghazi, Misrata og i dei vestlege fjellområda, og dei brukar dei som levande skjold.

Han lovde at snart ville fem millionar væpna libyarar marsjere mot desse områda og frigjere dei. Dei ventar berre på ordren, la han til.

Det var i går fleire støttedemonstrasjonar for Gaddafi-regimet i Libya, etter at NATO fredag gjorde det klart at målet med angrepa på Libya, er at Gaddafi-regimet skal gå.

LES OGSÅ: USA og kontaktgruppen anerkjenner opprørerne i Libya

LES OGSÅ: – Frigjør Benghazi fra forræderne

LES OGSÅ: Sjuåringer får våpentrening i Libya

Frå ein demonstrasjon til støtte for Gaddafi 16. juli.

Det var i går fleire støttedemonstrasjonar i Libya til støtte for Muammar al-Gaddafi og regimet hans.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp