NRK Meny
Urix forklarer

Har regjeringa i Romania gjort korrupsjon lovleg?

Tysdag kveld vedtok den rumenske regjeringa å heve terskelen for å straffe maktmisbruk. Er soleis korrupsjon blitt lovleg i Romania?

ROMANIA-CORRUPTION-PROTEST

Kritikarane hevdar hastevedtaket er skreddarsydd for å hindre at partileiar for regjeringspartiet PSD, Liviu Dragnea, får sin andre dom for korrupsjon. Han har ikkje fått statsministerposten fordi han soner ein betinga dom fram til 2018 for valjuks tilbake i 2012. Regjeringspartiet har vore involvert i ei rekke skandalar, men gjorde solid comeback under valet i desember.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / AFP

Det var rundt midnatt, natt til onsdag, at regjeringa gjorde hastevedtaket. Terskelen for å straffe personar for maktmisbruk vart sett til 200.000 RON (390.000 kroner ifølgje valutanettstaden xe.com).

– Dei kom som tjuvar i natta, står det å lese i ein kommentar i Deutsche Welle

Hastevedtaket er ei sokalla «naudforordning», og vil tre i kraft ti dagar etter den er vedteken.

Hastevedtak treng ein ikkje å ta vidare til nasjonalforsamlinga, men presidenten i Romania, Klaus Iohannis, har sagt han vil freiste å få det annullert i forfatningsdomstolen.

Stor ståhei for ein person?

Regjeringa har blitt skulda for å skreddarsy hastevedtaket, slik at partileiar Liviu Dragnea skal sleppe straff.

Han er tiltalt for maktmisbruk i ei sak som gjeld pengesummar som no hamnar under den nye grensa.

– Eit hastevedtak tek mykje kortare å få på plass enn ei lov. Dragnea ligg an til å få ein dom innan kort tid, difor gjorde dei eit hastevedtak.

Det seier parlamentarikaren Iulian Bulai, frå det opposisjonspartiet USR, til NRK. Partiet hans okkuperer for tida nasjonalforsamlinga i protest mot hastevedtaket.

Sjølv hevdar Dragnea til rumenske medium at han ikkje har noko å tene på dei nye vedtaka.

Vil framleis krevje pengar tilbake

Korleis dette vil skje i praksis er framleis uklart. Det skal skje administrativt

Ein kan sjå for seg at skadelidande bedrifter, eller enkeltpersonar kan søke om erstatning i ei sivil sak.

ROMANIA-POLITICS-CORRUPTION-PROTEST

President Klaus Iohannis støttar demonstrantane, og ynskjer å få hastevedtaket annullert. Han ser det som eit angrep på antikorrupsjonsdirektoratet og kampen mot korrupsjon.

Foto: ANDREI PUNGOVSCHI / AFP

Kor hardt pressa er regjeringa i denne saka?

Truleg var demonstrasjonen i går den største sidan revolusjonen i 1989.

Ein reknar med at rundt 150.000 demonstrerte i hovudstaden Bucuresti. I tillegg var det om lag 150.000 ute på gatene i resten av landet.

Men under valet 11. desember fekk regjeringspartiet PSD (sosialdemokratane) 45 % av stemmene. Og det eit knapt år etter at den førre PSD-leia regjeringa måtte gå av etter ei rekke skandalar.

Regjeringa har brei støtte i store delar av folket. Men Romania er djupt splitta.

Frykt og avsky

Romania har gjort store framskritt i kampen mot korrupsjon, etter at den etniske tyske Klaus Iohannis vart vald til president i 2014.

Han vann over sosialdemokraten Victor Ponta, i ein bitter valkamp.

Mange leiande politikarar og forretningsmenn har sidan blitt tiltalt og fengsla.

Ungdom og dei meir urbane delane av folket, er urolege og skuffa over at regjeringa no prøver å sette ein stoppar for jakta på korrupte politikarar.

Dei ynskjer å leve i ein rettsstat, der kriminelle politikarar blir straffa og kasta ut av politikken.

Måten forordninga vart vedteken på, har også ført til sterke reaksjonar. Den kom i stand seint på kveld, utan at ein informerte om det tidlegare på dagen.

Vil også benåde straffedømde

Samtidig med hastevedtaket sende regjeringa to lovforslag til nasjonalforsamlinga for hurtigbehandling. Formålet, å avkorte straffer, eller benåde straffedømde personar, som sit i fengsel for ikkje-valdelege brotsverk.

Det kan gjelde så mange som 3.000 personar, som for tida soner i fengsel.

Regjeringa grunngjev dette med at fengsla er overbefolka, og at ein vil tilpasse seg europeisk praksis.

Motstandarane hevdar dette er eit forsøk på å hjelpe partileiar Dragnea, som for tida sonar ein betinga dom til april 2018, for valjuks i 2012. Han kan ikkje bli statsminister før den tid.

Forslaget gjaldt opprinneleg også korrupsjonsdommar, men dette har i ettertid blitt endra. I debatten rundt lovendringa, kan sjølvsagt dette bli endra igjen.

Alarmen har gått i Brussel

Så seint som førre veke fekk Romania skryt av EU for innsatsen med å overvinne korrupsjon. Landet blir sett på som eit føregangsland, der utviklinga i nabolanda Ungarn og Bulgaria har gått motsett veg.

No har alarmen gått i Brussel.

EU-kommisjonens leiar Jean-Claude Juncker og nestleiar Frans Timmermans, kom med ei felles kunngjering, der dei uttrykte stor uro for utviklinga i Romania.

– Vi må føre kampen mot korrupsjon framover, ikkje rulle den tilbake, skriv dei.

Laster Twitter-innhold

Største demonstrasjonane sidan revolusjonen i 1989

Det har vore fleire store demonstrasjonar i Romania dei siste åra. I fjor tok 50.000 til gatene etter ein nattklubb-brann, der det vart sett søkelys på korrupsjon i utelivsbransjen.

I går blir det anslått at 150.000 menneske demonstrerte i hovudstaden Bucuresti, medan like mange demonstrerte i resten av landet. Altså 300.000 menneske.

Ein reknar med at demonstrasjonane vil halde fram mot helga. Det er også tillyst markeringar i fleire europeiske byar.

I Oslo vil det vere ei markering utanfor den rumenske ambassaden på søndag.

Er korrupsjon lov i Romania?

Reint teknisk er maktmisbruk framleis ulovleg i Romania. Men ein har i praksis avkriminalisert korrupte handlingar, som tidlegare vart straffa med fengsel.

390.000 kroner er meir enn dobbelt av den gjennomsnittlege årslønna i Romania.

Vanlege lønnsmottakarar får alt frå 1000 til 10.000 kroner i månadsløn.

Soleis vil dei aller fleste tilfella av maktmisbruk handle om pengesummar langt under 390.000 kroner.

Men det kan framleis skje at forfatningsdomstolen grip inn.

Det kan også skje at regjeringspartiet snur om presset blir for stort. Dette er røynde maktpolitikarar, som konstant har fingeren på pulsen til den rumenske folkeopinionen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt